NRK Meny
Normal

Ho hoppar over sommarferien for å drive valkamp

FØRDE (NRK): Venstre-leiaren Trine Skei Grande droppa ferien sin i år for å tjuvstarte valkampen og hjelpe partiet sitt over sperregrensa. Denne veka er ho i Sogn og Fjordane, mellom anna for å vise at partiet er eit distriktsparti.

Trine Skei Grande med elbil

GODT SYNLEG: I grøn elbil er Venstre-leiar Trine Skei Grande godt synleg på turneen sin.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På landsmøtet til Venstre i år var fleire lokallag frå Sogn og Fjordane opptekne av at distriktsprofilen til partiet måtte styrkast, og at det ikkje har vore godt nok i Venstre. Partileiaren meiner den kritikken er tilbakevist.

– Eg trur det vil vere litt rart å vere frå Sogn og Fjordane og seie det no, etter at vi både har fått flytta ut statlege arbeidsplassar til Førde, vi greier å byggje distriktspolitikken bra, og vi greidde eit landbruksoppgjer som er veldig godt for distriktslandbruket.

Ho viser til at ein må tilbake til den tida Venstre sist sat i regjering, for å finne sist det vart flytta ut så mange statlege arbeidsplassar som no.

I grøn elbil

Sogn og Fjordane er eitt av fylka som har Venstre-representant på Stortinget, etter at Sveinung Rotevatn kom inn på utjamningsmandat for fire år sidan. Slik meiningsmålingane har vore i det siste er sjansane for at han får fire nye år svært små.

No trålar Trine Skei Grande i sin grøne elbil for å overtyde folk om at Venstre er eit godt alternativ. Og Sogn og Fjordane er eit viktig fylke for partiet, seier ho.

– Vi er ikkje eit parti som høyrer til ein spesiell del av landet, vi er ganske jamt fordelt. No i det siste har vi hatt ganske gode målingar i nord og i ein del andre distriktsfylke, men vi må jobbe både i urbane og rurale strok, for Venstre høyrer til begge stader.

– Ikkje krisestemning, men alvorleg

Ho hoppa over sommarferien i år for å drive valkamp, men forsikrar at ho har det kjekt på turneen sin.

– Det er berre triveleg å vere i Sogn og Fjordane. Vi har avlyst ferien i år for å besøke gründerar og småbedriftseigarar. No reiser vi frå fylke til fylke, vi har besøkt mange hundre bedrifter.

Er det krisestemning i partiet?

– Eg vil ikkje kalle det krisestemning, men det er ganske alvorleg å ha dårlege målingar når vi går inn i sommaren, sjølv om Venstre alltid brukar å ha det. Difor må vi mobilisere. Mange veit at vi er eit miljøparti, men vi må vise at vi også er eit småbedrifts-, gründer- og skuleparti.

Trur på attval

Sveinung Rotevatn og Trine Skei Grande

HAR TRU PÅ ATTVAL: Sveinung Rotevatn, her saman med partileiar Trine Skei Grande, representerer Venstre og Sogn og Fjordane på Stortinget.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sveinung Rotevatn har trass i dårlege målingar tru på at han kan kalle seg stortingsrepresentant også etter valet.

– Eg trur det skal gå bra. Men eg har vore med på nokre valkampar før, og eg veit at ingenting gjer seg sjølv. Den viktigaste jobben min no er å reise rundt og treffe flest mogeleg av dei potensielle veljarane mine for å fortelje korleis Venstre har tenkt å jobbe vidare for å sikre vekst og nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

Vegopning på Bergum i Førde kommune