Hopp til innhold

Psykolog ber foreldre ikkje overdrive når dei snakkar om drap

– Ein skal ikkje pynte på sanninga, men vere sannferdig og fortelje at borna er trygge og blir passa på.

Politiet etterforskar drap i Florø 15. november.

INNTRYKK: Politisperringar, sirener og væpna politi i nabolaget kan skremme mange. – Men det er skilnad på å tykkje det er ubehageleg, til at det skal vere til fare for folkehelsa eller den psykiske utviklinga til barnet, seier psykolog Helge Holgersen.

Foto: Truls Kleiven

Rådet kjem frå psykolog Helge Holgersen ved institutt for samfunnspsykologi i Bergen, til foreldre i Florø.

Fredag opplevde byen med kring 9.000 innbyggjarar sitt andre drap på sju månader .

– Eg trur spesielt yngre kan oppleve uro når dei ser dramatikken i nærmiljøet, væpna politi, sirener og politisperringar. Det er ikkje bilete ein opplever i kvardagen, seier ordførar Ola Teigen (Ap).

– Mange er usikre

Ola Teigen

PREGA: – Sist opplevde vi at ein del vart redde, engstelege og usikre på om det var farleg å vere i Florø. Spesielt blant dei yngste, seier Flora-ordførar Ola Teigen.

Foto: Truls Kleiven

Etter at ein mann i 40-åra vart drepen i byrjinga av april, har Flora-ordføraren møtt born som har vore redde og usikre. Saka er framleis ikkje avgjort i domstolen.

Teigen seier at både lærarar, tilsette i barnehagen og foreldre må vere merksame.

– Vi veit frå tidlegare at born har mange spørsmål, og lurer på om dei og familien er trygge. Det er viktig at dei blir snakka med, og får svar på spørsmål så dei ikkje går rundt og er redde, seier Teigen.

– Florø er ein trygg stad å bu. Det er heilt spesielle tilfelle vi har vore vitne til no, legg han til.

– Ikkje overdriv

Ved Universitetet i Bergen er Holgersen samd i at uroa born må få svar.

– Foreldre skal gjere verda forståeleg for barnet, slik at dei ikkje treng å engste seg, seier han.

Samstundes ber Holgersen foreldre vakte seg vel frå å tru at alle born plukkar opp like mykje som vaksne. Difor åtvarar han også mot stort fokus i skular og barnehagar.

Ein del born har truleg ikkje fått med seg hendinga.

– Det er ein balansegang. Ved å lage eit stort oppstyr, så kan ein påføre otte som ikkje var naudsynt, seier han.

– Ta luven av det

Psykologen har eit klart råd til korleis ein bør gå fram.

– Spør først om dei har høyrt om hendinga, og om det i det er noko dei tenkjer på. Forklar også at den som har gjort det blir passa på og ikkje kan gjere det igjen, seier han.

Like viktig er det å presisere at borna blir passa på og er trygge.

– Ta luven av det, så det ikkje blir noko mystisk og farleg som borna ikkje har oversikt over, legg han til.

Både born og vaksne har stor kapasitet til å handtere inntrykk etter slike hendingar.

Mennesket har stor evne til å ikkje la seg påverke av det ein ser, eller les om.

– Ein skal ikkje langt ned i Europa før det er verkeleg skrekkelege forhold. Vi ser det på Dagsrevyen, slår av TV og eter fredagstacoen. Evna til å ikkje la seg affisere er stor, så vi andre toler fint ei sirene frå eller til utan noko meir rundt det.