Hopp til innhold

– Smilefjesa virkar, seier Mattilsynet

Etter ein månad har Mattilsynet i Sogn og Fjordane sjekka 64 matstader. 55 av dei har fått smilefjes.

Mattilsynet på Sunnfjord Hotell

MANGE KONTROLLAR: Førsteinspektør Ann Karin Nes i Mattilsynet (t.v.) saman med kjøkkensjef Ida Marie Stuhaug på Scandic Sunnfjord Hotell.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Berre ni bedrifter som driv med matservering har strekmunn. Ein matstad fekk i utgangspunktet surt fjes, men ordna opp veldig kvikt og har no eit smilefjes ved inngangen, seier førsteinspektør Ann Karin Nes i Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn.

– Dei ynskjer å ordne opp veldig fort, for dei vil ha eit smil på døra si. Det viser seg å vere veldig effektivt med desse smilefjesa.

I Sunnfjord og Sogn er det 43 bedrifter som så langt er kontrollerte. Av dei er det fire som har strekmunn, resten har eit smilande fjes ved inngangen.

Ho seier at dei har møtt mykje velvilje på kontrollane sine.

– Ordnar opp temmeleg fort

– Eg trur bedriftene synest det er greitt å få ei vurdering. Alle får denne vurderinga, så alle stiller på lik linje.

Pr. dags dato er det fire matplassar i Sunnfjord og Sogn som har ein strekmunn ved inngangen. Men Ann Karin Nes reknar med at også desse snart har smilefjes.

– Dei som har strekmunn ordnar opp temmeleg fort.

Odd Erik Gullaksen

FØRST UTE: Scandic Sunnfjord Hotell i Førde var den første matplassen med smilefjes i Sogn og Fjordane, noko direktør Odd Erik Gullaksen var godt nøgd med.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

I alt 256 matplassar får besøk

Distriktssjef Are Natland Bøe i Mattilsynet i Nordfjord har same inntrykket.

– Det er eit stort engasjement, dei likar det dårleg om dei ikkje får smilefjes. Vi hadde ei bedrift som fekk strekmunn på fredag. Måndag hadde dei ordna opp i det som ikkje var som det skal og kunne henge opp eit smilefjes.

I alt er det 256 matplassar i Sogn og Fjordane som innan september får besøk av kontrollørar frå Mattilsynet, 96 i Nordfjord, 160 i Sunnfjord og Sogn.