Hopp til innhold

– Slik søppelfylling skulle ikkje vore naudsynt

– Det skal ikkje ligge slikt søppel ved Ommedalsvatnet. Det er fullstendig ulovleg.

Dumping av avfall ved Ommedalsvatnet i Hyen

AVFALL: Grustaket ved Ommedalsvatnet i Hyen minner Naturvernforbundet om ein ulovleg avfallsplass.

Foto: Privat

Den klare beskjeden kjem frå fylkessekretær Marit Bendz i Naturvernforbundet. No har forbundet varsla Gloppen kommune om det dei meiner er ein ulovleg avfallsplass i Hyen.

– Nokon må rydde opp, og det er kommunen som har ansvar for at det blir gjort, anten ved å finne ut kven som har kasta det eller at dei tek tak sjølv. Om ikkje, må vi gå til fylkesmannen, seier Bendz.

På synfaring i dag

I brevet til kommunen skriv Naturvernforbundet at det på staden mellom anna er samla store mengder karbonfiber.

Dumping av avfall ved Ommedalsvatnet i Hyen

VELTA: Ei velta campingvogn er mellom tinga som er plassert ved grustaket.

Foto: Privat

– Det er lagra litt ulike ting, litt metall, eit par campingvogner og det som kan sjå ut som kapp med innhald av glasfiber, seier teknisk sjef i Gloppen kommune, Kjell Petter Solhaug.

Han var i dag i Hyen for å sjå på staden, og er samd i at kommune har eit ansvar. Men han meiner dei ikkje er åleine om det.

– Ikkje akutt fare

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset

LENSMANN: – Det ser ut som om nokon har sett ifrå seg ein del gamle ting og gjenstandar i eit grustak i Hyen, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

Foto: JAN NIK. HANSEN, FIRDA TIDEND

– Planen er å snakke med grunneigar, så får vi nøste saka opp derifrå, seier han og meiner det ikkje er grunn til å frykte ureining frå avfallet.

I Naturvernforbundet fryktar dei mellom anna at avfall kan reise med vinden og hamne i elva som går like ved.

– Eg kan ikkje sjå at det er noko som medfører akutt forureiningsfare, som gjer at vi må handle med det same. Ein har litt tid til å rydde opp i det, om det er behov for det, seier han.

– Skjemmande og uheldig

Dumping av avfall ved Ommedalsvatnet i Hyen.

GLASFIBER: Kommunen og politiet har vore på synfaring, og kommunen tek no saka vidare med grunneigaren.

Foto: Privat

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, var på staden i går og tykkjer det er ei uheldig plassering av avfallet.

– Det er skjemmande og vi håpar at grunneigarane ryddar opp i det. Men no må kommunen sine folk sjå på det, så får ein vurdere kva ein gjer vidare, seier han.

I Naturvernforbundet er Bendz ikkje overraska over at slike ting dukkar opp.

Rivjern

ARKIVFOTO: Marit Bendz har ikkje med eigne auge sett avfallet ved Ommedalsvatnet i Hyen, men ho likar dårleg bileta ho har sett.

– Eg har inntrykk av at det er blitt slik at folk brukar naturen og havet til å dumpe ting. Nokre har aldri klart å slutte med det, sjølv om vi har gode avfallsordningar i kommunane. Slikt skulle ikkje vore naudsynt, seier ho.