Hopp til innhold

Oddekalv: – Ein katastrofe at oppdrettsnæringa slepp ut så mykje kloakk

Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane slepp ut kloakk tilsvarande 1,1 million menneske. – Ein miljøkatastrofe, meiner Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Kurt Oddekalv og oppdrettsanlegg
Foto: Allan Klo/Villa

Avløpsutsleppa blir ikkje reinsa. Fôr, medisinrestar og kloakk går derfor rett ut i sjøen.

– Når ein oppdrettar har meir utslepp frå anlegget sitt enn talet på innbyggjarar i eit fylke, då snakkar vi om betydeleg forureining, seier Kurt Oddekalv.

Ifølgje Norges Miljøvernforbund blir det sleppt ut oppdrettskloakk tilsvarande det 1,1 million menneske klarer å produsere i løpet av eit år her i fylket.

– Eg tykkjer det er dramatisk at ei næring får forureine så mykje at fjordane mistar produksjonsevna av villfisk. Fisken og krabben blir forgifta og er eigentleg ikkje eigna som menneskemat, seier han.

Vurdert som trygt nok

Forskar Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet seier at sjølv om det ikkje er krav til reinsing av utsleppa frå oppdrettsanlegg, så skader ikkje dette den lokale fiskebestanden.

– Vi er ikkje kjente med studiar som dokumenterer dette, seier han.

For miljøtilstanden til oppdrettsanlegga blir overvaka. Ifølgje den siste rapporten frå fiskeridirektoratet, er 90 % av anlegg ikkje ein trussel mot nærmiljøet.

– Det er veldig små effektar når ein kjem litt vekk frå anlegga og det er vurdert som at dette er godt innanfor det som miljøet kan handtere, seier han.

– Heilt innanfor kontroll

Administrerande direktør Karl Erik Arnesen i Firda Seafood meiner nok forsking er gjort for å vise at lokalfisket ikkje blir skadd.

– Det er forska mykje på dette og vi har vel konkludert med at dette er heilt innanfor kontroll og er ubetydeleg i forhold til det kysten kan ta imot.

Kurt Oddekalv meiner at overvakinga ikkje er gode nok og meiner utsleppa må reinsast.

– Dette er ikkje godt nok slik det er i dag. Det er ingen lovpålagt overvaking som gir dei som bur i nærleiken av anlegga nokon tryggleik for at det er trygt å ete villfisk, seier Oddekalv.