Hopp til innhold

– Skulle ynskje det ikkje var så aktuelt

FØRDE (NRK): Teaterstykket Fjordmann opna for full sal ved Sogn og Fjordane teater. Stykket er høgaktuelt, men regissøren og hovudrolleinnehavaren synest temaet har blitt for aktuelt den siste tida.

Skodespelarar frå stykket "Fjordmann".

FJORDMANN: Stian Isaksen speler rolla som den sinte kvite mannen som har brent ned asylmottaket.

Foto: Sogn og fjordane teater / Pressefoto

– Ein ynskjer jo alltid å lage aktuelle teaterstykke, men eg skulle ynskje at dette temaet ikkje er så aktuelt som det er. Det er litt trist, seier regissør Stig Amdam etter at dei 120 frammøtte hadde takka skodespelarane av scena med trampeklapp.

Stykket tar for seg temaet der ein ung mann med ekstremistiske ideologiar brenn ned eit asylmottak og mange mister livet. Torsdag kveld var det urpremiere i Førdehuset.

Skodespelarane mottok blomar

TRAMPEKLAPP: Skodespelarane mottok blomar og trampeklapp etter ei vèl gjennomført premiere.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg står her og skjelv

Med terrorhandlingane den siste tida har stykket fått mykje merksemd.

– Det er ein liten bismak at det har blitt så aktuelt. Det beste hadde jo vore om ein ikkje hadde trengt å sette opp eit aktuelt stykke med dette temaet, seier hovudrolleinnehavar Stian Isaksen, som spelte rolla som Mads Trodal.

Dei publikumarane NRK snakka etter førestillinga var strålande fornøgd med framsyninga.

Åse Skare og Eva Marie Halvorsen var spent før førestillinga.

SPENTE: Åse Skare (f.v) og Eva Marie Halvorsen var spent før førestillinga.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg står her å skjelv. Det var ei utruleg strek historie som var verkeleg gripande. Eg slit med å formulera meg, seier Eva Marie Halvorsen på veg ut av salen.

– Kva som gjorde det så sterkt?

– Det var ein oppvekkar. Det tok for seg ein realitet som skjer nært oss, svarar ho.

– Sterke skodespelarprestasjonar

Rollene i stykket vart spelt av Stian Isaksen, Lars Sørbø, Katrine Lunde Mackenzie og Gunhild Hjertaas.

Marit Berlie og Signe Grotle

IMPONERT: Marit Berlie (f.v) og Signe Grotle var mektig imponert over korleis stykket vart framført, minutter etter at den var slutt.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Dei fire på scena var heilt utrulege. Bodskapen dei formidla var så aktuell som ein får det, seier Marit Berli og Signe Grotle.

Begge var samde om at bodskapen var sterk, og dei var imponerte over kor lite effektar som vart brukt på scena for å formidla den.

– Eg hadde høyrd mykje bra om stykket frå folk eg kjenner som har vore på før-premierar, så eg var aldri i tvil om at eg skulle bli med då eg fekk tilbodet om ein billett, seier Berli.

Positive tilbakemeldingar

Stian Isaksen som spelte hovudrolla var aldri i tvil om han skulle takke ja til rolla då han fekk tilbodet, sjølv om det er eit kontroversielt stykke.

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar på at eg har tatt rolla, seier Isaksen.

Etter at premieren var unnagjort i Førdehuset venter to førestillingar til, før dei skal rundt i heile fylket med Fjordmann.

– Det er alltid godt å få den første kvelden unnagjort, no gler vi oss til fortsettelsen, legg Isaksen til.

Fjordmann er det siste stykket som vert sett opp på Sogn og Fjordane teater med Terje Lyngstad som teatersjef. På nyåret vert han teatersjef i Hordaland.

Terje Lyngstad før premieren

TIL VEGS ENDE: Teatersjef ved Sogn og Fjordane teater Terje Lyngstad var spent før premieren på sitt siste stykke som teatersjef. Etterpå var han strålande fornøgd med korleis Fjordmann vart mottatt.

Foto: Thomas Brakstad / NRK