Hol i hovudet
Leiar Tore Hillersøy beklagar dette på det sterkaste. – Eg syns dette er heilt hol i hovudet – vi har nok å stri med i politikken om ikkje slik toskeskap skal dukke opp òg, seier lokallagsleiaren.
Ingen kunne svare
Det var under eit folkemøte i Askvoll kulturhus i går at ordførar Kjellaug Veivåg Høyvik gjerne ville ha eit svar frå det lokale Framstegspartiet på kva dei la i punkt sju i programmet sitt. Der står det at kommunen berre vil ta imot flyktningar frå Sverige eller England, og berre dersom det oppstår krise der. Men trass i at fleire representantar frå det lokale FrP-laget var til stades i salen, var det ingen som tok ordet for å svare på spørsmålet frå ordføraren.
Hillersøy sjølv var på sjøen under møtet, og ifølgje han skulle dette punktet aldri vore med i programmet.