Hopp til innhold

– Skulle berre mangle at vi støttar ho

Utanfor rådhuset i Lærdal blir det måndag kveld arrangert ei markering til støtte for Andrea Voldum etter avgjerda i Borgarting lagmannsrett førre veke.

Andrea Voldum

FÅR STØTTE: Det at tre menn i førre veke vart frikjent for valdtekt av Andrea Voldum har skapt sterke reaksjonar i heile landet. No blir det arrangert demonstrasjonar over heile landet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Alle vart jo oppskaka då vi las om dommen i media. Då vi såg at det skulle vere markeringar andre stader i landet bestemde vi oss for at då skal det også vere ei markering her i heimbygda til jenta, seier Bente Øien Hauge som er ein av initiativtakarane til demonstrasjonen.

Bente Øien Hauge

VIL VISE STØTTE: Bente Øien Hauge synest dommen i Borgarting lagmannsrett gjer det utrygt for alle kvinner.

Foto: Jens Hauge

Det var onsdag i førre veke at tre menn vart frikjent for valdtekt, men dømd til å betale erstatning i Borgarting lagmannsrett. Saka har vekt kraftige reaksjonar over heile landet og Hauge seier den er heilt i utakt med kva folk ser på som rett.

– Nokon har utsett henne for handlingar som korkje ho eller nokon andre kvinner skal utsettast for. Så har det i denne saka blitt ein straffefridom for dette, noko som er heilt i utakt med det folk meiner er rett.

Håpar på stort oppmøte

Inger Bakken

TØFF: Inger Bakken synest Voldum har vore tøff og at det er viktig å støtte ho.

Foto: PRIVAT

Måndag ettermiddag skal det vere markeringar fleire stader i landet til støtte for Andrea Voldum. I Lærdal vil markeringa finne stad utanfor rådhuset. Inger Bakken er ein av dei som er med på organiseringa av markeringa. Ho håpar mange møter opp.

– Vi har ikkje snakka om noko tal på førehand, men eg håpar no på minst to hundre og kanskje meir. Eg synest Andrea har vore veldig tøff i denne saka. Det skulle berre mangle at vi no støttar ho.

Forsvarar er uroa

Arne Seland som forsvarar den eine av dei tre mennene som blei frifunne, seier til NRK at demonstrasjonane måndag gjer han «svært bekymra».

– Dei bidreg berre til ein endå større lynsjemobb. Vi må hugse at klienten min og dei to andre som var tiltalte, alle er frikjende i to rettsinstansar, seier Seland.

Ifølgje forsvararen har tatt grep for sikre tryggleiken til klienten sin.

– Eg har måtte sende klienten min ut av landet. Han er ikkje trygg i samfunnet slik stemninga er no. Bilete og namnet hans er spreidd overalt, og han har fått ei rekkje trugsmål som er verkeleg skremmande, seier forsvararen.

NRK har ikkje lukkast å komme i kontakt med advokatane Elisabeth Myhre og Håkon Engebakken Duesund som representerer dei to andre, frikjende mennene.