Hopp til innhold

– Skulen har teke dette veldig tungt

Skulesjefen beklagar mobbesaka i Eid kommune.

Torsdag var det ekstraordinært møte i oppvekst- og kulturutvalet i Eid kommune etter mobbesakene som er omtalt i media den siste tida. 
  

MØTE: Dei måtte ha ekstraordinært møte i oppvekst- og kulturutvalet i Eid kommune etter mobbesakene som har kome fram i lyset den siste tida.

– Eg burde kanskje ha visst, seier kommunalsjef Harald Sivertsen.

Torsdag var det ekstraordinært møte i oppvekst- og kulturutvalet i Eid kommune etter mobbesakene som er omtalt i media den siste tida. Årsaka for møte var å gjere greie for saka og svare på spørsmål frå politikarane i utvalet.

Bakgrunnen for møtet er at NRK i førre veke fortalde om skuleleiinga ved Nordfjordeid skule som visste om mobbing, men som ikkje gjorde det dei kunne for å stoppe ugjerningane.

No beklagar skulesjefen på vegner av kommunen at dei ikkje har oppretta fleire såkalla enkeltvedtak i skulen.

– Har gjort mykje bra

eli sætre

– SKULEN GJORDE IKKJE NOK: Eli Sætre er ein av fleire foreldre ved Nordfjordeid skule som har teke kontakt med skulen om mobbing. Foreldra seier til NRK at dei kjende seg avvist av rektoren då dei bad om at det skulle bli sett i verk tiltak mot mobbinga.

Foto: Anders Mildestveit

Kommuneleiinga i Eid har dei siste vekene snakka med minst fem foreldre som har, eller har hatt, born ved Nordfjordeid skule som har blitt mobba.

– Sidan det ikkje vart oppretta enkeltvedtak, set ein kanskje ikkje inn dei rette ressursane og dei rette tiltaka. Foreldra føler at dei ikkje blir møtt og forstått, sa Krogsæter til NRK førre veke.

Dette sa skulesjef Sivertsen seg samd i på møtet torsdag.

– Skulen har gjort mykje bra; dei fleste elevane trivst godt. Men nokre har det ikkje bra, seier Sivertsen.

– Burde hatt oversikt

utval

EKSTRAORDINÆRT MØTE: Torsdag samla skulesjef og politikikarar i Eid kommune seg for å diskutere mobbesakene som er omtalt i media den siste tida.

Foto: Anders Mildestveit

Skulesjefen sa på møtet at han og kommuneleiinga burde ha hatt ei betre oversikt over situasjonen på Nordfjordeid skule. Han visste ikkje om dei konkrete sakene NRK har omtala dei siste vekene.

– Eg burde ha spurt etter meir. Vi har hatt dette oppe på avdelingsmøte og medarbeidarsamtalar, men vi burde ført statistikk.

Han understreka på møtet at skulen har teke saka tungt.

Knut Tore Nes Hjelle (V) stilte på møtet spørsmål ved om dette er godt nok.

– Det er vel og bra med statistikk og rapportar, men er det det dette handlar om? Kva gjer kommunen når slike saker dukkar opp, spurde Nes Hjelle.

harald sivertsen

BEKLAGAR: Skulesjef Harald Sivertsen leia torsdag eit ekstraordinært møte i oppvekst- og kulturutvalet i Eid kommune etter mobbesakene som er omtalt i media den siste tida.

Foto: Anders Mildestveit

– Har blitt skyteskive

Hans Petter Gilleshammer (Ap) var også til stades på møtet. På møtet hevda han at rektor ved Nordfjordeid skule har blitt skyteskive i saka, og kommuneleiinga i større grad burde ha støtta rektor i saka.

Også leiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, sa til NRK i førre veke at kommuneleiinga i Eid fråskriv seg ansvaret i saka.

– Eg reagerer veldig på at rådmannen fråskriv seg alt ansvar i denne saka. Det blir berre peika på éin person i denne saka, altså rektor ved skulen.

Dette avviste rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter:

– Nei, eg oppfattar ikkje at kritikken treff. Vi har ikkje fråskrive oss alt ansvar. Vi veit at det er kommunen og meg som er ansvarleg for verksemda i kommunen. Problemet her er at kritikken frå foreldra har gått direkte på rektor si handtering av sakene.