Hopp til innhold

– Skandale at museet knapt har Tunold-kunst

Berre eitt av bileta som heng på Sogn og Fjordane kunstmuseum er måla av Selje-kunstnaren Bernt Tunold. – Skandale, meiner kulturforfattar.

Jan H. Landro

KRITISK: Jan H. Landro har skrive bok om kunstnaren Bernt Landro. Han er skuffa over Sogn og Fjordane kunstmuseum som ikkje har funne plass eller prioritert å kjøpe inn bilete av kunstnaren frå Selje.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Ein skulle tru at Sogn og Fjordane kunstmuseum hadde eit stort utval, men på dette museet heng berre eit Astrup-portrett, som museet meiner er av kunstnaren Tunold. Eg er ikkje sikker på det, seier tidlegare kulturjournalist og redaktør i Bergens Tidende, Jan H. Landro.

Han har nyleg gjeve ut bok om kunstnaren frå Selje. Han reknar Tunold for å vere ein av dei fremste målarane i landet på 1900-talet. Kode i Bergen har kring 20 verk av kunstnaren, tre heng i Nasjonalgalleriet og to heng på slottet.

Bernt Tunold: Sogndalsfjøra

VESTLANDET: Bernt Tunold var rundt om på heile Vestlandet og let seg inspirere av landskapet. 'Sogndalsfjøra' måla av Bernt Tunold.

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

Astrup-portrettet er ikkje signert, og ikkje eit typisk Tunoldbilete. Det er derfor vanskeleg å seie om det var han som måla det.

– Viss dette verket ikkje er måla av Tunold, så har det viktigaste kunstmuseet i Sogn og Fjordane ikkje eit einaste Tunold-bilete i si samling. Det er ikkje berre ei grov forsømming, det er ein skandale, meiner Landro.

Står på ynskjelista

Museet er på si side klar på at det ikkje er vilje eller lysta til å stille ut verk av Seljekunstnaren det står på.

– Vi har ikkje fått nokon Tunoldbilete, skal ein ha det i dag så må ein ut på marknaden, og då må ein ha den haugen med pengar for å få kjøpt det, seier utstillingssekretær hjå museet, Fridtjov Urdal.

Fridtjov Urdal

KOSTBART: Sogn og Fjordane kunstmuseum og utstillingssekretær Fridtjov Urdal tek gjerne i mot eit Tunoldbilete i gåve, for pengar til å kjøpe sjølve har ei ikkje.

Foto: Bård Siem / NRK

Det vestlandske landskapet prega også målarskapen til kunstnaren som vart fødd på Selja i 1877. Tunold jobba på same tid som Nikolai Astrup, og hamna kanskje litt i skuggen av kameraten. Samlingsleiar Knut Ormhaug, i Kode kunstmuseene i Bergen, trur Sogn og Fjordane kunstmuseum godt kunne tenke seg å ha fleire verk av Tunold, men forstår at Astrup kanskje har blitt prioritert.

– Astrup er ein nasjonal og internasjonal kjend kunstnar, men Tunold er også viktig og har ein plass i kunsthistoria, seier Ormhaug.

Med jamne mellomrom kjem det bilete av Tunold for sal. På kunstauksjonar er fleire av bileta verdivurderte til mellom 30 000 og 100 000 kroner, men kjøpssummen har fleire gonger vore lågare.

– Prisane er rimeleg høge, og innkjøpsbudsjettet er ikkje all verda, men Tunold har etter det eg veit vore på ynskjelista lenge, seier Urdal.