Hopp til innhold

– Skal ikkje gripe inn med livet som innsats

Brannmannskap og helsepersonell skal ikkje pressast inn i farlege situasjonar, sjølv om dei kan måtte aksjonere i livstrugande valdssituasjonar.

Bjørn Berge, beredskapsleiar Førde brannvesen

MEIR ANSVAR: Bjørn Berge og alle andre som er tilsett i brannvesenet får meir ansvar i ein ny nasjonal prosedyre, men Berge meiner det ikkje er grunn til å frykte dette.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I og rundt brann- og helsevesenet har fleire frykta den nye prosedyren. For no må dei bu seg på endå meir ekstreme oppgåver. Til dømes å få kontroll på nokon med kniv før dei kan hjelpe skadde personar.

– Eg ser den at folk føler dei må gjere noko, men eigentryggleiken kjem først og det er nettopp difor vi skal øve på dette, så vi skal føle oss trygge i ein slik situasjon, seier beredskapsleiar ved Førde brannstasjon, Bjørn Berge.

– Er du i tvil, så er du ikkje i tvil

Han er ein av mange frå alle naudetatane som har fått nasjonal opplæring i den nye prosedyren for situasjonar med pågåande livstrugande vald (PLIVO). Innan 1. juli skal alle ha fått opplæring gjennom samordna øvingar. Målet er å gjere naudetatane meir effektive.

Store delar av prosedyren handlar om kva oppgåver etatane skal ha. Men det står også at brannmannskap og helsepersonell pliktar å vurdere å gripe inn med utstyret dei har om ikkje politiet er der.

– Det kan sjølvsagt bli ein belastning, men er du i tvil, så er du ikkje i tvil. Då er det ikkje trygt, seier han.

Øvelse i Stavern

ØVING: Her frå ein av dei nasjonale øvingane i Stavern.

Foto: Thomas Mikalsen, Politihøgskolen

Kan ikkje tvingast

Sjølv om alle naudetatane må vurdere å gripe inn, kan dei ikkje tvingast. Og politiet kan framleis nekte dei dersom det er for farleg. I prosedyren går det også tydeleg fram at det skal takast omsyn til at brann og helse ikkje er rusta på same måte som politiet.

Under skyting er det berre politiet som kan gå inn.

– Eg kan forstå at nokre har vore uroa, men vi har fått klare føringar på korleis dette skal vere, og eg trur at når vi skal begynne å øve saman så vil det bli mindre uro, seier politiinspektør og leiar for felles operativ eining i Florø, Odd Arve Solvåg.

Trur samarbeidet vil bli betre

Helsepersonell har tidlegare uttrykt nettopp ei slik uro, men det har ein ikkje opplevd i Helse Førde.

Stian Sægrov
Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Eg oppfattar heller at personalet ser fram til å få opplæring og bli drilla i korleis ein skal oppføre seg, og det å samhandle med både brann og politi i slike situasjonar, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.

Men så er spørsmålet korleis kvar enkelt vurderer risiko. Under trippeldrapet i Årdal trassa brannvesenet instruksane til politiet og overmanna gjerningsmannen.

– Faren er jo alltid der at viljen er større enn evna. Men for det første skal politiet vurdere om det er trygt, og så skal leiinga i dei andre etatane gjere det same. Så eg trur dette kjem til å gå veldig bra, seier Bjørn Berge.