– Skal du over fjellet, så bør du reise no

Det blir ein ufyseleg avslutning på 2018, og ein ufyseleg start på 2019. Det vil venteleg få følgje for fjellovergangane.

Breistølen på riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

BREISTØLEN: Allereie tidleg nyttårsaftan varsla entreprenøren at det kan bli kolonnekøyring på kort varsel over Hemsedalsfjellet.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Kraftig vind og rikeleg mengde nedbør vil prege vêret i Sør-Noreg det neste vel døgnet.

Marianne Hove, vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen, har eitt råd til dei som skal over fjellet – eller heim frå hytta – før onsdag morgon.

– Det er meldt at vinden, i ettermiddag, vil auke til storm enkelte stader. Den skal ikkje roe seg før natt til onsdag. Skal ein over, så er rådet å køyre over no før vinden byrjar å ta seg opp, seier ho.

– Det blir avgrensingar

Tidleg måndag morgon varsla entreprenørane at det på kort varsel kunne bli innført kolonnekøyring både på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50 Hol - Aurland.

Brøytemannskap varsla også at E134 over Haukelifjell truleg blir stengd frå i kveld til 1. nyttårsdag.

Hove legg til at Filefjell vanlegvis er den sikraste fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet. Ho oppmodar folk om å følgje med på både vêr- og vegmeldingar.

– Det skal vere stabilt med vind når det tek seg opp fram til onsdag morgon. Førebels ser det ikkje ut til å vere noko vêrvindauge før onsdag morgon.

– Dei fleste overgangane vil nok bli råka, men det blir spennande å sjå kor mykje det vil råke. Men at det blir avgrensingar i fjellet, det vil det, seier Hove.

– Ser ikkje lovande ut

Meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslingar på Vestlandet

METEOROLOG: Sjølv om nedbøren går over til byer ut på kvelden nyttårsaftan, vil kvelden likevel vere prega av kraftig vind, fortel statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg seier det er eit lågtrykk på veg mot Finland som ser ut til å legge ein dempar for nyttårsfeiringa i delar av landet. Spesielt kysten og fjellet blir utsett.

– Det ser ikkje veldig lovande ut, vedgår han og siktar til både rakettoppskyting og sjansen for å sjå fyrverkeriet ta oss inn i det nye året.

NVE og Meteorologisk institutt har ikkje mindre enn fire farevarsel på gult nivå.

– Vi har ute farevarsel på gult nivå for mykje regn i Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre. Det er venta 50–70 millimeter på 12 timar frå i føremiddag til i kveld, seier Selberg.

I tillegg varslar NVE om fare for jordskred i Midt-Noreg, Vestlandet og Oppland. Det er også fare for flaum på Vestlandet og Trøndelag.

– I tillegg har vi ute farevarsel for lokalt kraftige vindkast på 30–35 meter per sekund frå tidleg 1. januar til utpå kvelden, seier Selberg.

Laster Twitter-innhold