Hopp til innhold

Uvêr stengjer framleis fjellovergangar

Uvêret laurdag fekk følgjer for trafikken, med stengde fjellovergangar, kolonnekøyring og innstilte ferjer. Også søndag morgon er fjellovergangar stengde.

Vikafjellet stengt.

STENGT: Søndag morgon stengjer uvêr fleire fjellovergangar i Sør-Noreg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

  • Denne saka er oppdatert søndag morgon med siste status for fjellovergangane.

Det er varsla store nedbørsmengder og kraftig vind langs kysten og i fjellet i dag. Det har fått følgjer for trafikken på fjellovergangane og ferjesamband i Sør-Noreg.

Mellom anna er fjellovergangane riksveg 15 over Strynefjellet og riksveg 13 Vikafjellet stengde.

På riksveg 7 Hardangervidda og fylkesveg 50 Hol-Aurland var det innført kolonnekøyring frå kl. 08.30. På Hol-Aurland er det frå kl. 14 opna for fri ferdsel.

Tøffast i vest

Vestland fylke er venta å få det tøffaste vêret i dag. I morgontimane blei ei kvinne sendt til legevakt for sjekk etter at eit busskur velta over henne på Haus på Osterøy. Kvinna fekk ein fot i klem i uhellet.

– Alt tilseier at vinden har spelt ei rolle her. Så får vi kome tilbake til ein endeleg konklusjon, seier operasjonsleiar Bjarne Rebnord i Vest politidistrikt.

Politi måtte saman med mannskap frå kraftselskapet BKK også rykke ut til fylkesveg 567 Breinsteinveien etter at eit tre blåste over vegen i natt. Vegen var rydda rundt kl. 03.30.

– Det er meldt dårleg vêr til 12-tida på søndag, men dårlegast ser det ut til å bli laurdagen, fortel trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen.

Hardangervidda er det meldt minusgrader heile helga, og kvit nedbør kombinert med kraftig vind er ein dårleg kombinasjon.

På Haukelifjellet og Vikafjellet byr laurdagen på både pluss- og minusgrader.

– Andre fjellovergangar har plussgrader frå midt på dagen og utover kvelden. Eg trur det skal gå bra, seier Molvær.

Bør bu seg

Fram til plussgradene får festa grepet på fjellovergangane, kan det bli utfordrande.

– Dei som skal over fjellet i føremiddag, må bu seg på tøft vêr, legg han til.

Dei fleste fjellovergangane har snødekke, men enkelte stader er det bert.

– Regn på snødekke kan vel skape litt problem?

– Utfordringa er at det kan bli glatt, men det er varsla i god tid så eg reknar med at entreprenørane har vore ute, seier Molvær.

Ferjer innstilte

Også for ferjesambanda har uvêret fått konsekvensar i Vestland. Ferjesambandet Måløy-Oldeide på fylkesveg 616 var innstilt ein periode, men har frå kl. 09.30 gått som normalt.

Uvêr gjer også at anløp til Krakhella og Losna på sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella har vore innstilt. Anløpet til Krakhella blei teke oppatt litt etter kl. 13.

Laster Twitter-innhold

Stor snøskredfare

Det er sendt ut raudt farevarsel og melding om stor snøskred for områda Indre Fjordane, Voss og Hardanger i dag. Det kjem fram av snøskredvarslinga varsom.no.
I fleire andre område er det sendt ut oransje varsel, som melder om betydeleg snøskredfare.

Varsom.no har også sendt ut gult farevarsel for jord-, sørpe- og flaumskred i Vestland fylke og delar av Rogaland.

Det er varsla flaumfare på gult nivå for ytre og midtre område på Vestlandet sør for Sognefjorden, og vest i Agder

Fjellovergangar i Sør-Noreg:

  • E16 Filefjell: Open
  • E134 Haukelifjell: Open
  • Rv 7 Hardangervidda: Kolonneløyring.
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengt. Meldt om ny vurdering måndag kl. 10
  • Rv 15 Strynefjellet: Open.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Open.
  • Fv 50 Hol – Aurland: Kolonnekøyring.
  • Fv 53 Årdal – Tyin: Stengt.