– Skal du hit bør du gå på do først

I eit innlegg på Facebook oppfordrar måløyværingen Torfinn Kråkenes turistar på dagsbesøk til Kråkenes fyr om å gå på do før dei besøker fyret. – Det er smått med toalettfasilitetar her ute, så sørg gjerne for at de har vore på do før de tek turen. Det er alltid kjekkare for alle når det er reint i fjørene og bak naustveggane, når vi tek turen litt utanfor vegen på jakt etter dei fine fotomotiva, skriv han. Leiar i Ytre Nordfjord Turlag, Tor Magne Gangsøy, fortel at dette først og fremst er eit problem for dagsturistar, og at folk gjerne kjem utanom opningstid. – Kommunen må legge til rette for betre toalettfasilitetar. Dei marknadsfører Kråkenes fyr som turistattraksjon. Det blir ikkje riktig å skubbe ansvaret over på oss. Rådmann i Vågsøy kommune, Jeanette Jensen, fortel at kommunen har vore i dialog med turlaget, men enno ikkje har planar om å sette opp toalett. – Utfordringar med turistar som campar utanom etablerte campingplassar og nyttar naturen som toalett er ein kjend problematikk over heile landet.

Kråkenes fyr
Foto: Bickhardt, Thomas / SCANPIX