Hopp til innhold

– Skal brannvesenet handtere fleire oppgåver, må dei få meir pengar frå staten

GLOPPEN (NRK): Dei er ofte først på ulukkestader og må ta både politi- og helseoppgåver. Med stadig fleire oppdrag frå andre etatar må brannvesenet få større ressursar frå staten, meiner ordførar.

Øving i Gloppen brannvesen

ØVING: Røykdykkarar frå deltidsbrannvesenet i Gloppen øver på det som er hovudjobben deira, å sløkkje brannar. Men dei må også handtere mange andre oppgåver.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Etter kommunen er det ingen, vi har alltid ansvaret til slutt. Då må vi også setjast i stand til å ta det ansvaret, seier ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp).

Det lokale brannvesenet i kommunen baserer seg på 40 deltidstilsette. Dei må vere klare til å rykkje ut på mange oppgåver som ikkje handlar om brannsløkking. Slike oppgåver har det vorte fleire av, ifølgje brannsjef Runar Kleppe.

– Når vi kjem fram til ei ulukke er vi gjerne førsteinnsats. Politiet kan vere ein time eller halvannan time unna, ambulansane kan vere på oppdrag ute. Då må vi ta både politi- og helseoppdrag, fortel Kleppe.

Brannsjef i Gloppen Runar Kleppe

KREVJANDE Å SETJE GRENSER: Brannsjef Runar Kleppe seier det er veldig krevjande å setje grenser for kva oppgåver brannvesenet skal ta. – Begynner du å ramse opp alt vi har vore ute på, skal vi ja mykje kunnskap inne, seier han.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Å sikre skadestaden, gjere oppmålingar og ta fotodokumentasjon er oppgåver brannmannskapa kan måtte ta.

Treng meir midlar

– Vi må ta dei oppgåvene i og med at vi er først, og det gjer vi. Det vi ønskjer er best mogleg rammer rundt så vi kan få både opplæring og utstyr til å takle det, seier Kleppe.

Han seier dei prøver å skaffe utstyr etter kvart og at dei heldigvis har eit entusiastisk deltidsbrannmannskap.

– Dette går eigentleg heilt tilbake til sentrale styresmakter. Ambulanse og politi er statleg finansiert, men brannvesenet er ei kommunal oppgåve. Vi får stadig nye oppgåver, då må vi ha både opplæring og utstyr, seier brannsjefen.

Oftast først på plassen

Tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) viser at brannvesenet var først på staden i meir enn halvparten av tilfella av brann og ulukker i fjor. Brann- og redningsvesenet får dessutan stadig fleire helseoppdrag, ifølgje DSB.

– Vi ser at den same tendensen vi har hatt over nokre år, nemleg at brann og redning er meir og meir ute på helseoppdrag og at det er aukande tal. I fjor var det dobbelt så mange som bygningsbrannar. Trenden ser ut til å forsterke seg, seier DSB-direktør Cecilie Daae.

Ho seier det ikkje er ei villa utvikling frå DSB si side, som er opptekne av at andre oppdrag ikkje skal gå på kostnad av primæroppgåvene til brann- og redningsmannskapa.

– Vi får stadig rapportar frå brannsjefar som er uroa fordi brann og redning gjer stadig nye og andre oppgåver enn dei er sett opp til og har kompetanse og utstyr til å gjere. Det er særleg helseområdet som er utfordrande, seier ho.

Må sjå på utviklinga

Det er kommunen som finansierer brannvesenet. Til liks med brannsjefen i kommunen ønskjer Gloppen-ordføraren større ressursar til å handtere dei mange oppdraga som til vanleg går under andre etatar.

– Fagfeltet dei må kursast på, blir større. Områda ein treng utstyr til etter kvart som oppgåver endra seg, blir større, seier han.

Leidulv Gloppestad, ordførar i Gloppen

VIKTIG FOR BEREDSKAPEN: Brannvesenet har stor lokal kunnskap og veit kva ressursar som finst og korleis ein kan utnytte dei, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vi må sjå på kva retning vi tar i Beredskaps-Noreg når det er det frivillige brannvesenet lokalt er førstelinjeinnsats og skal handtere nesten kva hending det er. Viss meiner rett at brann skal ha meir av dette og dei treng meir utstyr, må kommunane også setjast i stand til å gjere dette, seier han.

Opp til vurdering

Samfunnsstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) viser til at beredskapskapasiteten i kommunane no skal gjennomgåast, inkludert rollefordelinga mellom brann- og redningsvesen, politi og helsevesen. Dette blir vurdert under arbeidet med den komande stortingsmeldinga om samfunnstryggleik.

Brann- og redningsvesenet er eit kommunalt ansvar, og oppgåvene følger av brann- og eksplosjonsvernlova. Kommunane kan legge andre oppgåver til brannvesenet så langt dette ikkje svekker brannvesenets lovpålagde oppgåver, opplyser Tybring-Gjedde.

– Det er derfor kommunane sjølve som vurderer kva andre oppgåver dei har kapasitet til å utføre. Dei lovpålagde oppgåvene har ikkje vore endra sidan 2002.

Statsråden meiner samtidig ein god og effektiv respons frå politiet svært viktig uavhengig av om hendinga skjer i Distrikts-Noreg eller i ein storby.

-Derfor måler vi og stiller krav til responstid på dei høgst prioriterte oppdraga. Kort responstid er viktig for befolkningas oppleving av tryggleik.