Hopp til innhold

– Sjukehuskampen er ikkje over

Kampen for Nordfjord sjukehus er på langt nær over, meiner ordførarkandidat Alfred Bjørlo (V) i Eid.

Nordfjord sjukehus

LEGG NED: Den største endringa kjem på Nordfjordeid, der fødeavdelinga forsvinn. Ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo (V), meiner kampen likevel ikkje er tapt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I Fjordenes Tidende i dag seier leiaren for Sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, at slaget for Nordfjord sjukehus er tapt og at det ikkje er meir å kjempe for. Heilt feil, meiner Bjørlo.

Bjørlo: – Kampen er ikkje tapt

Regjeringa bestemte seg i den betente sjukehusstriden i april, og har gitt grønt lys til å redusere fødetilbodet i Odda, Lærdal og Lofoten.

På Nordfjordeid forsvinn fødeavdelinga. I tillegg vil regjeringa gjere fleire strukturelle endringar på lokalsjukehusa.

Alfred Bjørlo

OPTIMIST: Ordføarkandidat Alfred Bjørlo (V) i Eid.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix
Svein Hansen

GIR OPP: Leiar for Sjukehusaksjonen, Svein Hansen, meiner kampen er tapt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Venstre sin ordførarkandidat, Alfred Bjørlo, seier kampen likevel ikkje er tapt.

– Det er ingen grunn til å trappe ned arbeidet for å ta vare på sjukehuset på Nordfjordeid. Tvert imot. Sjukehuskampen er ikkje tapt. Det er no vi går inn i fasen der avgjerdene skal takast. Det har vore gitt ulike signal frå fleire hald, men det er no vi skal inn i forhandlingar og få på plass realitetar, seier Bjørlo til NRK.

– Men kampen har halde på lenge. Korleis er det mogleg å få ei gjennom argumenta dine?

Veldig lite er avklart. Det einaste er regjeringa sitt vedtak om akutt- og fødefunksjonar. Når det gjeld ortopedien er ballen spelt tilbake til Helse Vest og Helse Førde. Når det gjeld akuttmedisin blir det operert med heilt ulike tolkingar om kva det inneber. Det er ekstremt mykje som er uavklart.

Hansen: – Vi må innsjå at kampen er tapt

Sjukehusaksjonist Svein Hansen meiner ein må innsjå at Helse Førde har vunne slaget om Nordfjord sjukehus.

– Ordførarane i Nordfjord må stikke fingeren i jorda og innsjå at Helse Førde har vunne kampen. Nordfjord sjukehus er ikkje meir utan anestesi. Viss ein no ikkje får regjeringa til å snu og frede anestesien ein gong for alle så er sjukehuset over og ut i 2012, seier Hansen til fjt.no.