Hopp til innhold

– Sju til åtte NAV-kontor i fylket er nok

NAV-direktøren i Sogn og Fjordane vil ikkje vente på kommunereform for ei ny organisering av NAV-kontora i fylket. Færre kontor er framtida, meiner han.

Tore Thorsnes

OMSTOKK: NAV-direktør i fylket, Tore Thorsnes, meiner fylket treng færre NAV-kontor som kan yte tenester på tvers av kommunegrenser.

Foto: NAV

– Kommunereformen har ikkje gitt oss noko drahjelp til å få større kommunar. Derfor må ein søke meir samarbeid på tvers av kommunane for å sikre kompetanse og tilbod som er god nok kvalitet på, seier Tore Thorsnes, som er NAV-direktør i Sogn og Fjordane.

Han viser til eit ekspertutval utpeikt av arbeidsministeren, som i 2015 konkluderte med at færre NAV-kontor med større kompetansemiljø var naudsynt.

Tenester på tvers

– Vi har NAV-kontor i alle kommunar og kompetansemiljøa blir sårbare når ein no fordeler oppgåver anleis enn ein gjorde då dei etablerte NAV-kontor i sin tid, seier Thorsnes.

Han meiner at dersom NAV skal klare å møte utfordringane i framtida, må dei organisere tenestene sine anleis. Dette vil bety endringar i dagens struktur.

– I Sogn og Fjordane skal vi ikkje legge ned dei kontora vi har, men vi har behov for å organisere oss anleis på tvers av kommunar.

– Sju til åtte kontor

NAV-direktøren vil over sommaren ta initiativ til å fornye NAV-kartet i fylket.

– Eg har ikkje nokon oppfatting av korleis kartet skal sjå ut. Vi må drøfte det med kommunane. Vi er i eit partnerskap med dei og det er ikkje aktuelt å endre strukturar utan at kommunane er med på at det er den beste løysinga, seier han.

Likevel har han ein tanke om kva som bør skje.

– Eg kan sjå føre meg at det på eit tidspunkt vil vere sju-åtte NAV-kontor i Sogn og Fjordane, men at dei opererer på tvers av kommunane og slik tar vare på det behovet som folk har.

Han meiner NAV blir nøydde til å ta grep ettersom dei vil få mindre økonomiske ressursar tildelt for å løyse oppgåvene.

– Vi er nøydde til å sikre at dei som treng det, får bistand av NAV, og ikkje at vi bruker ressursane på å halde flest mogleg NAV-kontor tilgjengelge.