Hopp til innhold

– Sjølvsagt skremmande å oppleve slikt

Turen til okkuperte Vest-Sahara vart alt anna enn det Erlend Svardal Bøe og resten av aktivistane hadde håpa på. Med maskingevær og batongar vart dei jaga.

Erlend Svardal Bøe i Marokko

I MAROKKO: Generalsekretær i Unge Høgre, Erlend Svardal Bøe, opplevde å bli stoppa på veg inn i det okkuperte landet Vest-Sahara.

Foto: Privat

Bakgrunnen for turen var å vise støtte til Vest-Sahara som har vore okkupert av Marokko heilt sidan 1976. Totalt 64 norske aktivistar frå fleire organisasjonar tok del i fredsinitiativet. Fleire delegasjonar fekk trøbbel når dei nærma seg grensa.

Erlend Svardal Bøe, Unge Høgre

STØTTAR VEST-SAHARA: Erlend Svardal Bøe i Unge Høgre seier han og ungdomspartiet vil halde fram å støtte det okkuperte landet.

Foto: Privat

Allereie ved ein by mellom fire og seks timar frå grensa til Vest-Sahara vart generalsekretær i Unge Høgres Landsforbund, Erlend Svardal Bøe, og reisefølgjet hans, stogga.

– Dei spurte kor vi skulle, kor vi budde og kva vi skulle så langt sør i Marokko. Vi måtte gi frå oss passa som dei tok bilete av og skreiv ned kva informasjon frå, fortel Florøveringen.

Vart truga med våpen

Etter mange telefonsamtalar frå politifolka vart det fort meir politi der.

– Blant anna kom det ein person i dress som tydelegvis var ein sjef. Dei kom bort til oss etterpå og sa at vi ikkje fekk lov til å reise vidare. Vi orka ikkje å begynne å diskutere, så vi snudde og reiste tilbake til Agadir, fortel Unge Høgre-politikaren.

Politipost i Marokko

MYKJE KONTROLLAR: På vegen mot Vest-Sahara blei delegasjonane frå Norge stogga fleire gonger.

Foto: Privat

Verre vart det for delegasjonen frå Hordaland. Dei vart stogga i ein by som låg endå nærare grensa til Vest-Sahara.

– Dei begynte å diskutere med politiet om kva som var grunnen til at dei heldt dei att. Etter ein times diskusjon kom det ein minibuss med politifolk med batongar og maskingevær. Dei begynte å gå imot bilen og presse delegasjonen opp mot bilen, fortel Svardal Bøe.

Måtte late som dei var turistar

Slik dei to delegasjonane opplevde det er det ingen tvil om at myndigheitene ikkje ville ha dei inn i Vest-Sahara, meiner han.

– Dei vart sjølvsagt veldig skremt av det, men tøffe nok til å nekte å reise frå området fordi dei ikkje hadde fått att passa sine. På veg tilbake til Agadir hadde dei politieskorte med fire-fem politibilar.

Erlend Svardal Bøe på veg mot Vest-Sahara i Marokko

OPTIMISTAR: Erlend Svardal Bøe og reisefølgjet håpte lenge at dei skulle klare å komme seg over grensa.

Foto: Privat

På førehand var dei klare over utfordringane dei kunne møte og det var difor viktig at myndigheitene ikkje fekk vite om turen.

– Vi må vere turistar og seie at vi skal til Vest-Sahara for å sjå historiske ting eller noko slikt. Elles hadde vi garantert ikkje kome inn.

Ifølgje Svardal Bøe har dei i ettertid opplevd at sivile politifolk har heldt auge med dei.

– Det er sjølvsagt skremmande å oppleve slikt når ein kjem frå vesle Norge og er vand med å kunne gå fritt. Men Unge Høgre kjem til å halde fram med å kjempe for at Vest-Sahara skal få sjansen til å vere eit sjølvstendig land.