Hopp til innhold

Sjåførar hevdar dei blir forskjellsbehandla av vegvesenet

Norske lastebilsjåførar meiner Statens vegvesen forskjellsbehandlar norske og utanlandske vogntog.

Per Andreas Øren

BRANSJEN OPPLEVER FORSKJELL: Fylkesleiar Per A. Øren i Norsk Lastebileigarforbund seier at norske sjåførar opplever forskjellsbehandling.

Foto: Silje Guddal / NRK

Statens vegvesen fortel at stadig fleire tungbilsjåførar stikk av frå kontrollar på Vestlandet.

Skilta står godt synlege langs vegen, men Vegvesenet opplever stadig oftare at sjåførane gir blaffen i skilta og susar forbi.

– Uakseptabelt

Fylkesleiar Per A. Øren i Norsk Lastebileigarforbund seier dette er uakseptabelt, men trur noko av årsaka kan vere at norske sjåførar meiner dei utanlandske lettare slepp unna.

– I første omgang tykkjer eg ikkje det er bra, for vi skal følgje skilting og kontrollar. Men eg har høyrt at utlendingar ikkje blir vinka inn, og då vel norske sjåførar å køyre forbi fordi dei blir forarga, seier Øren.

Øren seier det ikkje er bra for næringa at sjåførar stikk av frå kontrollar. Han seier det er viktig at bil og utstyr er i orden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skilt som varslar kontroll av tunge køyrety

KØYRER FORBI: Vegvesenet opplever stadig oftare at tungbilsjåførar ikkje respekterer denne typen skilt. Her er eit av skilta som står ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Blir kraftig irriterte

Statens vegvesen seier at dersom dei oppdagar at folk stikk av, så set dei i verk tiltak ved seinare kontrollar på strekninga.

– Eg høyrer dei seier det, men det er ikkje den erfaring vi høyrer om. Det er eit veldig bra opplegg på Håbakken i Lærdal, men slik er det ikkje i heile landet, seier Øren.

– Men det at andre stikk av, er det eit argument for å gjere det same?

– Nei, det er det ikkje. Er det skilta at det er kontroll, så skal ein køyre inn til kontroll.

– Kvifor er det enkelte lastebilsjåførar som vel å ikkje gjere det?

– Dei blir kraftig irriterte over forskjellsbehandlinga. Som sagt kan eg ikkje bevise dette, og eg kan ikkje gå god for at det er slik.

Avviser kritikken

Tore Eikeland

AVVISER: Tore Eikeland i Statens vegvesen seier dei behandlar alle likt.

Foto: Anna Gytri / NRK

Senioringeniør Tore Eikeland i region Vest avviser at dei gjer forskjell på norske og utanlandske bilar.

– Vi forskjellsbehandlar ikkje. Vi ser ikkje på nasjonalitet og driv altså ikkje med forskjellsbehandling, seier Eikeland.