NRK Meny
Normal

– Sjå og lær av Florø!

Tidlegare fotballproff og no TV-kommentator Jan Åge Fjørtoft er storleg imponert over det Florø har fått til i 1. divisjon.

Jan Åge Fjørtoft

IMPONERT: TV-kommentator og tidlegare fotballproff Jan Åge Fjørtoft meiner Florø-spelarane gjer det så bra om dagen at dei kan tillate seg å drøyme om eliteserien.

Foto: Viasat/Truls Kleiven

– For meg handlar fotball om akkurat dette. Det handlar om eventyret, det handlar om å kome frå intet, for sjølv Neymar verdas dyraste fotballspelar , kom ein gong frå ein liten klubb som Florø eller Gursken, seier Fjørtoft.

Florø ligg på 5 plass i 1. divisjon, og det med seks strake sigrar. Seinast sundag mot Kongsvinger då laget vann 1–0. Det har imponert den tidlegare proffspelarane og fotballmanageren, noko som han også gav uttrykk for på Twitter etter sundagens kamp.

Laster Twitter-innhold

Det handlar litt om draumen, som ein kan ha også på små plassar, om det å kunne bli verdas beste fotballspelar, eller rykke opp med ein lokal gjeng svoltne fotballspelarar seier Fjørtoft.

Fjørtoft meiner det er viktig å ha eit fokus på dei små klubbane, der ei medvite satsing heilt frå dei aldersbestemte gruppene no ber frukter. Han peikar på at medan Florø har vunne fleire kampar på rad, går no diskusjonen om kvifor det går så dårleg med Fredrikstad og kvifor dei stor klubbane slit når dei skal ta steget opp frå 1. divisjon.

– Så kjem Florø og er på 5.-plass og kan faktisk tillate seg å drøyme om å spele med dei aller beste i Norge.

– Ja, trur du at eit opprykk kan vere innanfor rekkevidde?

– Når du kjem frå Gursken og har fått lov å spele i Premier League, Bundesliga og VM i fotball for Norge, då er alt innanfor rekkevidde, seier Fjørtoft.

Laster innhold, vennligst vent..

For Florø-spelarane ventar no cupkamp mot Kristiansund på onsdag, og bortekamp i serien mot Start på søndag og heimekamp mot Mjøndalen neste onsdag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.