Inge Kjell Holme
kommenterer
Det luktar botnlag på lang avstand av Sogndal akkurat no. I kampar mot like dårleg plasserte lag har SIL på dei tre siste kampane berre teke eitt poeng.
Vidareføring
Nedturen er ei vidareføring av trenden frå i fjor haust, då Sogndal var blant dei dårlegaste laga i Tippeligaen. Søndag var Sogndal nær å berge eit viktig poeng mot Lillestrøm. Men typisk for eit lag i motgang; dei vart senka av eit billeg straffespark til Lillestrøm.
Saknar Buer Johansen
Dei som i fjor meinte Sogndal burde strekt seg lengre for å behalde Rune Buer Johansen, kan etterkvart vise seg å få rett. Og når det ikkje skjedde, burde laget ha anstrengt seg meir for å få ein midtbanedirigent av kvalitet i vinter. Det er ikkje utan grunn at Stabæk har jobba beinhardt for å sikre seg Martin Andresen tilbake frå Blackburn. Og Lillestrøm-leiar Frank Grønlund sa på fjernsyn søndag at dei arbeider steinhardt for å få ein spiss av toppkvalitet.
For det sportslege klimaet i Tippeligaen blir stadig tøffare. Og sjølv om Sogndal har stått seg på ikkje å kjøpe seg til fant, kan mangel på ein dirigent i år bli dyrt for laget.
Øren – eit lyspunkt
Eit lyspunkt søndag var Tommy Øren. Årdølen viste på nytt i glimt at han har mange sterke kvalitetar.
Neste motstandar er Rosenborg på Fosshaugane. Då er Sogndal på nytt tilbake i posisjonen dei alltid har vore best i, nemleg angrepsposisjon. Kanskje kjem poenga då.
Ut på spelarmarknaden
Men skal Sogndal heve seg til å bli eit godt tippeligalag, må det jobbast hardt over lang tid. Det gjeld også på spelarmarknaden, der mellom anna botnrival Fredrikstad no aktiviserer seg.