Hopp til innhold

– Ser ut til at det meste har kome i Florø

Politiet og brannvesenet fekk inn mange meldingar om velta tre, straumleidningar og andre ting som har falle ned, eller flytta på seg i vinden.

Mange gater er stegd i Flurø under stormen "Urd". Foto: Truls Kleiven

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut i Florø måndag kveld. Mange gater var stengde i Florø sentrum.

I Florø vart Strandgata stengd for all ferdsle, fordi det var rekna som farleg å vere der.

– Folk må unngå å vere i Strandgata i Florø. Der er det mykje lause gjenstandar der, då det ser ut som at det er nokre takplater og taksteinar som ikkje er heilt sikra, sa vaktleiar Frode Eide på Alarmsentralen i Florø, måndag kveld.

Han reknar at brannvesenet har vore ute på om lag 20 turar ulike stadar i Sogn og Fjordane.

– Det er hovudsakleg tre som har velta over vegar, og takstein og takplater som har lausna. At stormen har byrja å ta i bygningar og hus, gjeld mest i Florø, sa Eide.

Politiet seier til NRK tysdag morgon at ingen personar skal ha kome til skade i samband med stormen. Det meste som har skjedd, har vore i og rundt Florø.

– Vi hadde budd oss på at det kunne bli meir å gjere, men det er i Florø vi har fått flest meldingar. I sentrum av Florø er det lurt å ikkje ferdast ute, seier Inge Verøy på politiet sin operasjonssentral for Sogn og Fjordane.

Tre over vegen i Florø
Foto: Truls Kleiven

Her er noko av det som skjedde måndag kveld

  • I Florø lausna fleire takplater i Strandgata, klokka 20.40. Desse har blitt tekne hand om.
  • Litt over klokka 20.30 vart det meldt om at stein har rasa ned i vegen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Politiet seier det skal vere mogleg å passere, men mannskap er tilkalla for å rydde.
  • I Gaular vart det, klokka 20.30, meldt om at det låg fleire tre over fylkesveg 610, mellom Sande og Bygstad.
  • I Florø fekk politiet melding, litt før klokka 20, om at eit tre hadde lagt seg over ein straumkabel i Nybøvegen.
  • I Flora vart det meldt om at ein straumkabel hadde falle ned i Nonskarvegen. Politi, brannvesen og kraftselskap kom til staden for å rydde opp.
  • Ved Svehaugen i Dale låg det eit lite tak i vegen, kring klokka 19.30, som kanskje høyrer til ein transformator.
  • Litt før klokka 19 fekk politiet melding om eit tre som hadde velta over vegen på fylkesveg 614, ved Grov i Flora. Dette skal ha blitt rydda.