NRK Meny
Normal

– Senterpartiet sin framgang styrkar det politiske sentrum

FLORØ (NRK): Medan Senterpartiet knuser alle rekordar på meiningsmålingane før valet til hausten, ligg KrF om lag likt som for fire år sidan. KrF-leiaren er ikkje bekymra over det.

Knut Arild Hareide i Florø

SMIL: Kristeleg Folkeparti har ein liten nedgang i veljarar i Sogn og Fjordane ifølgje meiningsmålinga gjort av NRK i april. Men partileiar Knut Arild Hareide deppar ikkje av den grunn.

Foto: David Kandal / NRK

– Senterpartiet er eit sentrumsparti som står tett opp mot KrF sin politikk i mange saker, og det bekymrar meg ikkje at dei har hatt sterk framgang i Sogn og Fjordane. Sjølv om dei har hatt stor framgang, har ikkje det gått utover oss, seier leiar i Kristeleg Folkeparti, Knut Arild Hareide.

Måndag var han på besøk i Florø for å fri til veljarane før stortingsvalet til hausten.

– Må mobilisera

For trass i at Hareide meiner partiet hans og Sp står nært kvarandre politisk, syner ikkje det att på meiningsmålingane.

Ei måling gjort av Sentio for NRK i april viste at over ein tredjedel av dei spurde i Sogn og Fjordane ville stemt på Senterpartiet. Det er ein auke på 12,9 prosentpoeng.

KrF på si side fekk 7,7 prosent, ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå valet i 2013.

Laster innhold, vennligst vent..

Hovudårsaka til framgangen for Sp er deira klare motstemme mot sentraliseringspolitikken til regjeringa.

– KrF har vore ei motvekt mot sentralisering. Eg trur veljarane ser at vi har hatt ei tydeleg anna stemme enn Framstegspartiet og Høgre i fleire saker, seier Hareide til NRK.

Men andrekandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Steinar Ness, meiner KrF si rolle som støtteparti for Frp og Høgre har gjort at dei har mista veljarar i Sogn og Fjordane.

– Problemet for KrF er at dei ved å plassera Høgre og FrP i regjeringskontora, vert sett på som lite truverdige i kampen mot sentralisering. Folk ser heller på dei som ein støttespelar til sentralisering, seier Ness.

Meiningsmålingar i Sogn og Fjordane - stortingsrepresentantar

Meiningsmålinga forklart med Lego.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.