NRK Meny
Normal

– Sanner tappar fylka for makt

Jan Tore Sanner vil slå saman fylka og gje dei meir makt, men Liv Signe Navarsete mistenkjer at det han eigentleg prøver på er å leggje dei ned.

Kommunalreform.,

VIL STYRKJE FYLKA: Jan Tore Sanner vil gje fylka fleire oppgåver, sjølv om Høgre eigentleg vil leggje ned fylka. Liv Signe Navarsete mistenker at Sanner eigentleg set i gang prosessen med å leggje ned fylka.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Forslaga til Sanner er fislete, han tappar fylka for meir makt enn han tilfører, seier Navarsete, som er stortingsrepresentant for Senterpartiet og tidlegare kommunalminister.

I går presenterte kommunalminister Jan Tore Sanner tre stortingsproposisjonar der han føreslår nye oppgåver til både kommunane og dei nye regionane. Sanner hevdar det er ei styrking av begge to, men Navarsete er ikkje einig.

– Nei, det er det ikkje. Folk er ikkje dumme, dei ser kva dette er. Det er ei svekking av fylka, og det er jo ikkje rart at Sanner vil svekkje fylka, for Høgre vil jo eigentleg leggje dei ned.

Flyttar frå fylke til kommune

Sanner vil styrke kommunane ved å gje dei ansvar over tannhelse, og la dei største kommunane styre kollektivtransporten. Han vil også gje kommunane meir ansvar over barnevernet.

Alle desse tre overføringane er det fylkeskommunen som taper på.

– Sanner flyttar rundt på oppgåver, og fylka kjem tapande ut av det, seier Navarsete.

Liv Signe Navarsete

KRITISK: Liv Signe Navarsete er kritisk til Jan Tore Sanner sine planar for å styrkje fylka med fleire oppgåver

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Jan Tore Sanner avviser dette.

– Vi flyttar ikkje på oppgåver for at fylkespolitikarane skal få meir å gjere, men for at innbyggjarane og næringslivet skal få betre tenester, og det er det vi no får til, seier Sanner.

Kommunalministeren tykkjer det er leit at Senterpartiet er så negative til tiltaka hans.

– Senterpartiet sit på gjerdet og er negative til alt, men dei har jo ikkje noko alternative forslag til korleis vi skal finne betre løysingar, seier Sanner.

Fylkesordførar skuffa

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) er skuffa over at statsråden ikkje har fleire nye oppgåver å tilby fylka.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi tykkjer det er for dårleg, og særleg at han vil ta tannhelsa vekk ifrå oss tykkjer vi er ei svekking, seier Følling.

Men Jan Tore Sanner seier at fylkeskommunane får mange friske oppgåver med hans forslag, og at det berre er byrjinga.

– Vi vil mellom anna gje fylka ansvar for kjøp av innanlands flyruter, ansvar for fiskerihamner og middel til kulturinstitusjonar. I tillegg vil vi setje ned eit ekspertutval som skal forsøkje å finne andre oppgåver som fylka kan overta ansvaret for.

Men Navarsete er ikkje imponert.

– Dette er smått, det er nesten ingenting av ansvar. Summen av det heile er utan tvil at fylka vert svekka, seier Navarsete.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser