Hopp til innhold

Konkurrerer med forskarar frå heile verda – meiner samarbeid må til for å nå opp

Kampen for å sikre seg støtte til forskingsprosjekt er knallhard. Fagmiljøa er samde om ein ting – samarbeid er nøkkelen for å få tak i pengar.

Forskning kan bli milliardindustri

NØKKELEN: Samarbeid er nøkkelen for å nå opp i den knallharde konkurransen om forskingsmidlane, meiner forskingsmiljøa.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Sogn og Fjordane er eit av mange fylke der forskarane produserer stadig meir kunnskap. Men forskinga gjort av Høgskulen i Sogn og Fjordane, Helse Førde og Vestlandsforskning kjem ikkje av seg sjølv, det kostar.

For å sikre seg finansiering av prosjekta må forskarane i fjordfylket konkurrere med alt frå store og små universitet, høgskular og andre institusjonar i både inn og utland.

Marit Solheim, forskingsleiar i Helse Førde

TIL DET GODE: Marit Solheim meiner konkurransen om forskingsmidlane kan stimulere til endå betre forskingsmiljø.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Fleire milliardar kroner er i spel kvart år, og ofte er det svært mange om beinet. Samarbeid er difor nøkkelen for å nå opp, meiner forskingsleiar i Helse Førde, Marit Solheim.

– Skal vi nå opp må vi jobbe hardt med gode søknader, gode kandidatar, spennande prosjekt og samarbeide med andre.

Samtidig understrekar ho at dette ikkje er beint fram.

– Ein må samarbeide om ting som er fornuftig å samarbeide om. Ein kan ikkje berre setje forskarar saman, men det må vere ein god forskingside som utgangspunkt, seier Solheim.

– Samarbeid er alfa omega

Alle som driv med forsking, det vere seg universitet, høgskular, helseføretak eller forskingsinstitutt, knivar om dei same pengane.

Berre i Norge har Forskingsrådet sju milliardar kroner som kvart år gå til dei beste prosjekta som kjem med ny kunnskap.

Administrerande direktør i Norsk Forskingsråd, Arvid Hallén, er heilt klar på at samarbeid må til om ein skal nå opp i den tøffe konkurransen om pengane.

– Samarbeid er alfa omega i forsking. Det har gått ei bølgje av internasjonalisering over norsk forsking, seier Hallén og held fram:

– Vi ser no at fleirtalet av publikasjonane som norske forskarar er med på, er i samarbeid med folk frå andre land. Men også nasjonalt er samarbeid svært viktig.

– Ein kjem nesten ikkje nokon veg om ein ikkje har gode faglege nettverk som ein kan arbeide innanfor.

Samarbeid kan vere alt frå å hente inn spesifikk kunnskap til delar av prosjektet, få tilgang til ein lab, metode eller data.

(Artikkelen held fram under biletet)

Administrerende direktør i Norges forskningsråd, Arvid Hallén

AVGJERANDE: Administrerande direktør i Norges forskningsråd, Arvid Hallén, seier samarbeid er viktig for å få pengar til forskingsprosjekt.

Foto: NRK

Konkurrerer regionalt, nasjonalt og internasjonalt

Vestlandsforsking er blant dei som jobbar tett med andre institusjonar for å få tak i pengar. Forskingsinstituttet omsette i 2013 for 24 millionar kroner.

Størsteparten av desse inntektene var pengar dei konkurrerte om, fortel direktør Merete Lunde.

– Opp til 80–90 prosent av inntektene våre må vi hente frå slike forskingsoppdrag. Ofte har vi samarbeidsprosjekt, og då konkurrer vi gjerne om forskingsmidlar frå Forskingsrådet eller andre.

– Det kan vere på det regionale og nasjonale nivået, men også på internasjonale arenaer konkurrer vi om forskingsmidlar, seier Lunde.

Må sjå stadig meir til EU

Ein svært sentral internasjonal arena er EU. Dei deler ut svimlande summar til forsking, ifølgje planen skal dei dele ut 560 milliardar kroner over seks år.

I 2013 søkte norske forskingsmiljø om 12 milliard kroner i støtte frå forskingsprogrammet til EU. Men i berre 15 prosent av tilfella fekk dei ja.

Direktøren i Vestlandsforsking legg ikkje skjul på at det er vanskeleg å gå sigrande ut av konkurransen.

– Framover trur eg forskingsmidlane frå EU blir viktige. Regjeringa har valt å leggje ein auka del av norske forskingsmidlar i EU-potten, og då blir det viktig å sende prosjektsøknader dit og få finansiering derfrå, seier ho.

– Dette er både omfattande om krevjande, men vi har allereie delteke i fleire internasjonale forskingssamarbeid, seier ho og fortel at dei har fleire nye prosjektsøknader på gang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Merete Lunde i Vestlandsforskning

KREVJANDE: Merete Lunde i Vestlandsforskning trur det blir stadig viktigare å søkje om forskingsmidlar frå EU.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Positiv til konkurranse

Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk i 2013 kring 10,5 millionar kroner i forskingsmidlar frå EU og Norsk Forskingsråd.

Viserektor for forsking ved skulen, Erik Kyrkjebø, meiner det er sunt med konkurranse. Sjølv om det også betyr at dei ofte får avslag.

– Det er vanskeleg og det er ein konkurranse, men det er ein grei konkurranse.

– Har du ein god nok prosjektide, som er relevant nok for samfunnsutfordringane, greier formidle den på ein gode måte og har kompetanse til å gjennomføre prosjektet, så får du tilslag.

– Ein veit dermed at får ein pengar så er prosjektet kvalitetssikra, det kan gjennomførast og det blir gode resultat.

– Styrkar samarbeidet

Og sjølv om små forskingsmiljøa nokre gonger kranglar om dei same midlane, så styrkar det samarbeidet, meiner forskingsleiaren i Helse Førde.

– Konkurransen kan bidra til at det blir lagt til rette for fleire samarbeidskonstellasjonar. Slik kan ein få endå meir spennande og berekraftige forskingsmiljø lokalt, seier Marit Solheim.