– Samarbeid har vore skivebom

Ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora varslar ein tøffare tone mot Vest politidistrikt etter at det torsdag vart kjent at sjefen for politiet i Sogn og Fjordane skal plasserast i Førde og ikkje i Florø.

Ola Teigen vart overraska over at kystradioen skal leggast ned.

– VELDIG OVERRASKA: Ordførar Ola Teien (Ap) må konstatere at politisjefen for Sogn og Fjordane blir plassert i Førde.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Vi har valt ei konstruktiv samarbeidslinje med Vest politidistrikt i håp om at vi skulle få til gode løysingar. Så langt kan det sjå ut til at det er ein skivebom, så i dag må eg seie at eg er skuffa, seier ordføraren.

Ordføraren viser til at politimeister Kaare Songstad har sagt at han er merksam på situasjonen i Florø, der mange arbeidsplassar forsvann, og at han ville fylle opp med ny aktivitet, at politihuset skulle fyllast med polititilsette.

– Førebels har det ikkje kome ei einaste ny politistilling. No hadde han sjansen, og så ser vi faktisk at han tek vekk endå fleire politistillingar. I den samanhengen må eg seie at eg er veldig overraska over avgjerda han har teke, seier ordføraren.

Redd endå meir hamnar i Førde

Han viser til at polititenestene i Sogn og Fjordane har vore styrt godt av nøkkelpersonell i Florø.

– Den anden som er i huset, dei flinke medarbeidarane, kunne ha halde fram med å skape gode politiresultat i Sogn og Fjordane. I staden vel dei å splitte det opp og starte på berr bakke på ein ny stad.

Han er redd for at dette er første steget i ein prosess der endå meir blir flytta frå Florø til Førde.

– Snart kjem det krav om nytt bygg i Førde, det kjem til å bli tilpassa til at fleire funksjonar kan takast frå Florø og flyttast til Førde, dessverre.

Og politiet er ikkje den einaste etaten der Flora blir tappa for arbeidsplassar.

– Dei reformene den sittande regjeringa har sett i gang har ikkje slege heldig ut for Flora. Skattekontoret har forsvunne, politidistriktet er nedlagt, Florø Radio skal vekk. Vi snakkar om bortimot 70 arbeidsplassar, seier ein vonbroten ordførar.

Teigen vil no ta kontakt med stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane for å sjå om dei kan gjere noko, slik at Flora kan få erstatta ein del av dei tapte arbeidsplassane.