NRK Meny
Normal

– Saman blir me sterkare i kampen om vegkronene

Etterslepet på vedlikehald av fylkesvegane i det som skal bli det nye vestlandsfylket er enormt. Samferdsleutvala i Sogn og Fjordane og Hordaland ser på fylkessamanslåinga som ein moglegheit for å få ein større pott til vegane enn dei har i dag.

Ras på fylkesveg 632

RASSIKRING OG UTBETRING: Mange fylkesvegar treng desperat rassikring. Her frå fylkesveg 632. (arkivfoto)

Foto: Leslie Hoddevik

I Sogn og Fjordane er etterslepet på om lag fire milliardar kroner, i Hordaland på over sju milliardar kroner. Frå 2020, då to fylke blir eitt, er det eit nytt regionting som rår over kronene som skal brukast til veg. Då blir etterslepet, og potten til å fiksa vegane med, også slått saman. Ein moglegheit til å få fiksa meir enn me klarar i dag, meiner sentrale samferdslepolitikarar.

Noralv Distad, ordførar i Aurland

NORALV DISTAD: Distad (H) er leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg håpar og trur at den nye regionen vil bli ei sterkare kraft ovanfor statlege styresmakter enn dagens fylke, slik at me kan få ein større pott enn me har i dag, seier Noralv Distad (H), leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane.

Marthe Hammer

MARTHE HAMMER: Hammer (SV) er nestleiar i Utval for miljø og samferdsle i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Dersom me kranglar oss imellom, har me tapt. Me må heller stå saman og sikra oss ein større pott, seier Marthe Hammer (SV), nestleiar i Utval for miljø og samferdsle i Hordaland.

Mange kilometer – ikkje nok kroner

For kvardagen i dei to fylka er at asfalteringa ikkje held tritt med forfallet. Vegprosjekta står i kø, medan trafikken veks. I Sogn og Fjordane er det om lag 2600 kilometer fylkesveg, i Hordaland om lag 3000 kilometer.

– Vi må halde unna slik at forfallet ikkje aukar, men det åleine gir ikkje ein betre vegstandard, sa fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal, til NRK før helga .

I Hordaland må ein auka 2017-budsjettet med vel 50 prosent, om ein skal stoppa forfallet på drift og vedlikehald innan 2029, står det i Regional transportplan for Hordaland 2018–2029.

By og land

I det nye fylket blir leiinga for veg lagt til Leikanger, medan kollektivtransporten blir lagt til Bergen. Distad er ikkje redd for at eit kostnadskrevjande kollektivtilbod i Bergen vil ta sårt trengde kroner frå distrikta i Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Kollektivsatsing er viktig for både miljøet og andre ting i byane, det må me ha respekt for. Men dei investeringane kan ikkje gå utover distrikta sine interesser, det er viktig for oss, seier Distad.

I Sogn og Fjordane fekk fylkeskommunen inn 75 innspel til arbeidet med Regional transportplan, som skal gjelde fram til 2021. Når to fylke blir eitt, blir det også fleire som vil ha kronene til «sin» veg.

– Ein skal alltid slåst litt om midlar. Men det aller viktigaste er at kaka er størst mogleg, og då får me gjort meir. Og me står sterkare mot staten når det gjeld tildeling av naudsynte midlar, avsluttar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.