Hopp til innhold

Sjå korleis vegsaltet fører til store skadar på bilane

FØRDE (NRK): Bileta frå NAF syner kor gale det kan sjå ut når vegsalt fører til store rustskadar på bilar.

Rustskdar etter vegsalt

SALT GIR RUST: Salt fører til store rustskadar også på kraftige konstruksjonar på bilar.

Foto: NAF

Kvart år blir det sprøyta fleire hundre tusen tonn med salt på norske vegar. – Det burde ein kanskje slutte med, meiner ein bilmekanikar som brukar arbeidsdagen på rustne bilar.

–- Vi ser meir og meir grove rustskadar, spesielt på bildelar som vi tidlegare ikkje tenkte på at kunne vere eit problem, seier Øyvind Dvergsdal ved NAF-stasjonen i Førde.

Fleire gonger for dagen får han og kollegaene inn bilar, som ber tydleg preg at vegsalting vinterstid er blitt meir vanleg enn før.

– Vi får inn bilar, som sjølv om dei er under 10 år, så har dei store rustproblem på til dømes hjuloppheng. Vi snakkar om ganske kraftige konstruksjonar som det er rusta hol tvers igjennom. Det såg vi ikkje tidlegare, seier Dvergsdal.

Paul Hestenes

FOR MYKJE SALT: Paul Hestenes ved Autoforum i Førde tykkjer det er for mykje salt på vegane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Uroa over bremsefeil

– Slitasjen på bremsene er kanskje det verste. Dei ryk mykje fortare enn dei elles hadde gjort, seier bilmekanikar Paul Hestenes.

Hestenes er sjef for lakk og karosseri på bilverkstaden til Autoforum i Førde. Han fortel at dei fleste bilane dei får inn har store rustskadar, og syndaren blir sprøyta ut på vegane i desse dagar.

– Saltet gjer skade mange stader på bilen, og det går utruleg fort, seier Hestenes.

Salt smeltar is og snø, og held vegbana bar gjennom vinteren. Det er Statens vegvesen som har ansvaret for å salte vegane, men stort sett brukar dei eksterne entreprenørar til sjølve arbeidet.

Vegvesenet meiner også at nasjonale undersøkingar syner at ulukkestala går ned når ein saltar vegane.

Ulempa med salting av vegane, er det får bilane til å ruste. Skal vi tru mekanikaren i Førde, merkar dei stadig meir til det.

– Tidlegare kunne vi sjå på ein bil at den hadde køyrt rundt i saltlaken i Oslo eller Bergen, no er det like mykje rust på bilar frå andre stader og.

Rust på ein bil på Auto Forum

RUST: Bilmekanikar Paul Hestenes fortel at det går fort når ein bil først byrjar å ruste.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg er heilt overtydd om at det gir betre tryggleik

Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen skjønar at det er irriterande med rustne bilar, men fortel at det er tryggleiken i trafikken som gjer at ein vel å bruke salt.

– Eg er heilt overtydd om at det er tryggare å køyre på vegar utan snø, og at det gir ein betre trafikktryggleik, seier Karlsen.

Han fortel vidare at Vegvesenet tenkjer over konsekvensane saltinga får for køyretøy, men at dei må vurdere det opp mot omsynet til tryggleik.

– Vi prøver å ikkje salte meir enn det som er naudsynt.

Rust på understellet, slitasje på lakken og ikkje minst bremser som må skiftast ut. Det er typiske skader som følgje av salt på vegane. Hestenes kunne godt tenkt seg ein annan praksis.

– For min eigen del kunne eg godt tenkt meg meir vinterføre på vegane, i staden for all denne saltinga

Rust på ein bil på Autoforum

GÅR FORT: Når rusten først får sett seg, går det veldig fort, fortel bilmekanikar Paul Hestenes.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– For oss bilmekanikarar er det sjølvsagt bra

Sjølv om bilmekanikar Paul Hestenes ikkje legg skjul på at han tykkjer det er for mykje salt på vegane, må han også innrømme at det ikkje er eit veldig stort problem for han.

– For vår del må dei jo eigentleg berre salte endå meir, for det er jo veldig bra for oss bilmekanikarar med alle dei skadane det fører med seg.