Av:
Arne Eithun
- Det må ryddast opp i parkeringskaoset i Solvorn i Luster.
Ferjeselskapet H-Trans som fraktar turistar frå Solvorn til Urnes ber i eit brev til kommunen om at det blir gjort noko innan neste år.
Badegjester
På grunn av badande gjester på sommaren er alle parkeringsplassane opptekne og misnøgde turistar må gjere vendereis, skriv H-trans.
No håpar ferjeselskapet at Luster kommune lagar ein ny parkeringsplass i Solvorn.