– Røykskya frå raset la seg etter 15 minutt

Aleksander Skjerdal stod heime på tunet sitt då han høyrde buldring frå fjellsida over fylkesveg 242. Så såg han steinane.

steinras på fylkesveg 242 i Aurland

STENGD: Fylkesveg 242 er stengd i Aurland etter eit steinras i morgontimane.

Foto: Reinhardt Sørensen

  • SISTE: Klokka 15:20 opplyser vegtrafikksentralen at vegen opna for trafikk att

– Eg såg steinane rase over vegen. Mykje gjekk rett i fjorden. Mellom anna den største steinblokka, seier Aleksander Skjerdal som etter kvart sette seg i bilen og køyrde den kring kilometeren fram til raset.

– Eg kom fram fem minutt etter hovudraset. Då rasa det framleis, seier han.

Geolog på veg

Naudetatane er kalla ut etter steinras

KALLA UT: Naudetatane vart kalla ut etter steinraset på fylkesveg 242 langs Aurlandsfjorden laurdag morgon.

Foto: Reinhardt Sørensen

Raset gjekk like før klokka 10 fredag føremiddag. Skjerdal er fortalt av andre augevitne at raset losna høgt oppe i fjellsida.

Det er eitt av dei største rasa som har gått på denne vegen. Det var veldig mykje røyk, og det tok sikkert 15 minutt før den la seg, seier Skjerdal.

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser at raset er 40–50 meter breitt. Det er uvisst kor lenge vegen blir stengd. Det ligg både stein, tre og jord i vegbana.

Det er fare for at det kan komme ned meir.

– Fylkesvegen mellom Aurlandsvangen og Skjerdal er stengd. Vi har rekvirert helikopter med geolog, men det er uvisst kor lenge vegen blir stengd, seier Erikstad.

Reinhardt Sørensen i teknisk etat i Aurland kommune seier ein geolog er venta til staden i 12-tida. Vegen blir ikkje opna før synfaringa er over.

– Det kan sjå ut til å ligge meir laust i fjellsida, seier Sørensen.

Må bruke båt

Naudetatane rykte ut, men det er ingenting som tyder på at personar eller bilar er trefte av raset.

Steinras på fylkesveg 242 i Aurland
Foto: Aleksander Skjerdal

Det bur kring ti personar på Skjerdal. Det er ikkje omkøyringsveg.

– Eg håpar bøndene her har nok fôr til dyra sine, for denne vegen blir ikkje opna i dag att i alle fall, seier Skjerdal og er glad for at raset gjekk då det gjekk og at ingen bilar var i nærleiken.

– Eg skulle til Voss i dag, men det blir det ikkje noko av no, seier han.

– Korleis skal de klare dykk utan vegsamband?

– Det skal nok gå bra. Vi kan bruke båt.

Vegtrafikksentralen opplyser i 14-tida laurdag at geologen har vurdert området som trygt nok til å starte rydding i ettermiddag. Klokka 15:20 er vegen opna att.

FYLKESVEG: Fylkesvegen mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er ikkje veldig trafikkert.