– Ropar varsku om innsparingar i skulen

Fylkeskommunen skal spare inn 12 millionar kroner på drifta av dei vidaregåande skulane frå skuleåret 2016/2017. Klubbleiar Jon Holsvik Sørland ved Flora vidaregåande skule er redd for at det vil gå ut over kvaliteten på undervisninga.

Jon Holsvik Sørland

REDD FOR PENSUM: Klubbleiar Jon Holsvik Sørland ved Flora vidaregåande skule.

Foto: privat

Fylkestinget vedtok i juni ein økonomiplan som inneber at dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane skal spare inn 12 millionar kroner årleg. Dette kan føre til at rundt fem prosent av undervisningstimane fell bort.

Innsparingstiltaka skal settast i verk frå og med neste skuleår, med andre ord om eitt år.

Dette har fått mange lærarar til å reise bust, mellom anna har klubben til Utdanningsforbundet ved Flora vidaregåande skule gjort eit vedtak som uttrykkjer sterk skepsis til ein slik måte å spare pengar på.

– Vi reagerer temmeleg sterkt, for å spare 12 millionar kroner på å kutte i undervisning vil gå ut over elevane. Når du fyller opp skulane med fjellturar, skidagar og teaterframsyningar så blir det mindre fag, og vi lærarane ynskjer å kome gjennom pensum, seier Sørland.

– Veldig skeptiske

Han meiner tiltaka som er skisserte vil føre til at det blir mindre tid til pensumretta undervisning.

– Einaste måten å gjere det på er å ta lærarane vekk frå den vanlege undervisninga, for du treng færre lærarar til å arrangere ein aktivitetsdag. Det blir merkeleg om det er politikarane som skal avgjere kor mange slike dagar det skal vere i eit skuleår. Vi er veldig skeptiske til det.

Bekka Skaasheim

SER PÅ INNSPARINGAR: Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Skal ikkje bryte lova

Men Bekka Skaasheim, som er fylkesdirektør for opplæring, forsikrar at det ikkje skal gå ut over dei lovpålagde undervisningstimane.

– Det skal det ikkje gjere, då må eit heilt programfag falle ut. Viss vi tilbyr eit fag, skal elevane ha timetalet sitt i løpet av utdanningstida. Kvart fag har ein læreplan og krav om minstetimetal, men det er ikkje krav til breidde innan programfag som ein kan velje.

Men like fullt skal det sparast inn 12 millionar kroner, og no blir det arbeidd med ein plan for korleis det skal gjerast.

– Det er ikkje så mange område innan dei utgiftene vi har til drift og løn vi kan hente midlar frå. Der har vi gjort eit utgreiingsarbeid der vi ser på sjansane til å redusere talet på lærartimar. Det er fleire område, det handlar mellom anna om å slå saman klassar i einskilde fag og å redusere talet på tilleggstimar.

Utdanningsdirektør Jon Ole Vange hjå Fylkesmannen seier dei skal sjå etter at innsparingstiltaka ikkje går ut over den lovpålagde undervisninga.

– Fylkeskommunen er ein seriøs aktør, så eg trur ikkje det er så stor fare for det.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.