Hopp til innhold

Har fått hundrevis av telefonar om svindelforsøk

Politiet i Sogn og Fjordane blir nedringt av folk som er bli kontakta av person som hevdar dei er frå Microsoft.

Politihuset i Florø

HAR FÅTT HUNDREVIS AV TELEFONAR: Urolege folk ringer politiet etter å ha blitt kontakta av personar som hevdar dei er frå Microsoft.

Foto: Ole Andre rekkedal / NRK

– Desse oppringingane har pågått i fleire månader. Dei ringer frå eit utanlandsk nummer og hevdar dei er frå Microsoft, seier Espen Gulliksen, som er operasjonsleiar ved politisentralen i Florø.

Han anslår at dei har fått fleire hundre telefonar frå folk som er blitt ringt opp. Dei som ringer ber om å få tilgang til PC

– Vi kjenner til enkelte som har latt seg lure, og då er det gjort forsøk frå utlandet på uttak i nettbanken, seier Gulliksen.

– Kva folk gjere dersom dei skulle få ein slik telefon?

– For det første ringer neppe Microsoft utan at du på førehand har bede om hjelp. Får du ei slik oppringing er mitt råd å berre legge på, seier Gulliksen.

Laster Twitter-innhold

Politiet har no fått så mange telefonar om dette, at dei ikkje treng fleire dersom det då ikkje gjeld personar som har latt seg lure.