Hopp til innhold

– Rimar ikkje med polititenester i Vågsøy

Senterparti-politikar Gunn Sande i Selje stiller spørsmål ved at folk i Selje skal sokne under eit lensmannskontor i Vågsøy når det no går mot kommunesamanslåing Eid/Selje.

Gunn Sande

– SITUASJONEN ER ENDRA: Gunn Sande (Sp) meiner Selje bør få polititenester frå Eid dersom Selje og Eid kommunar slår seg saman.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

I desember 2016 kom politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt med sitt framlegg til kvar det skal vere lensmannskontor i framtida. Dette framlegget er seinare velsigna av politidirektør Odd Reidar Humlegård.

For Selje sin del vart det som venta: Kontoret der blir lagt ned, og polititenestene til innbyggjarane skal styrast frå Måløy.

– Veldig rart

Men etter at det skjedde har dei folkevalde i Selje og Eid funne ut at dei vil slå seg saman. Dermed blir situasjonen ein heilt annan, meiner Gunn Sande.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

IKKJE SAMD: Regionlensmann Tormod Hvattum ser ikkje grunn til å vurdere grensene for lensmannsdistrikt på ny.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Det vil vere veldig rart om ein del av innbyggjarane i ein kommune skal sortere under eitt lensmannskontor, og resten ikkje.

Men regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord meiner det ikkje er grunn til å reversere avgjerda om at Selje og Vågsøy skal vere eitt lensmannsdistrikt.

– Ut frå geografien synest eg det er naturleg at Vågsøy og Selje blir eitt lensmannskontor. Det med kommunesamanslåing er ein debatt som kom opp etter det vart avgjort, så det er mogeleg at det vil bli sett på dette i framtida. Men for politiet betyr dette lite.

Kva med tannhelsetenesta?

Clara Øberg

BEST FOR PASIENTANE: Direktør for den offentlege tannhelsetenesta, Clara Øberg.

Foto: NRK

På same måten er det med tannhelse, der fylkeskommunen har vedteke å legge ned tannklinikken i Selje, og at innbyggjarane der skal til Måløy når dei skal til tannlegen.

– Det er på sin plass å stille same spørsmålet når det gjeld tannklinikk. Vi bør spørje fylkeskommunen om ikkje tannhelsetenesta bør vere i den kommunen ein høyrer til, seier Gunn Sande.

Clara Øberg, som er direktør for den offentlege tannhelsetenesta, seier at ho held seg til det fylkestinget har vedteke, at pasientar heimehøyrande i Selje skal sortere under tannklinikken i Måløy.

– Men vi ser alltid på kva som er best for pasientane. Dei bør ha kortast mogeleg reise til tannklinikken. Er det pasientar som av praktiske årsaker heller vil til Nordfjordeid så er det opning for det.