NRK Meny
Normal

– Rike åleinekommunar kan kome til å angre

Rike kraftkommunar som stretar i mot kommunesamanslåing kan lure seg sjølve, og ende opp med å tape på det i det lange løp. Det seier både ein professor og ein politikar.

Reinforsdammen

STORE RESSURSAR: For mindre kommunar kan pengar frå kraftinntekter gje store utslag på kommunebudsjettet, og mange kraftkommunar har ein god økonomi.

Foto: John Petter Reinertsen

– Eg håpar ikkje ein seier nei til fornuftige løysingar fordi ein ikkje vil dele med naboen. Det kan ein kome til å angre på, seier leiar for kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp).

Over heile landet finn ein små kommunar med solide pengestraumar frå kraftinntekter, som ikkje har vore interesserte i kommunesamanslåing. Njåstad tykkjer ikkje det er lurt å tvihalde på pengesekken sin.

Små, men rike kraftkommunar som Modalen, Eidfjord, Sirdal og Vinje har brote samanslåingspraten, og bestemt seg for å stå åleine.

– Det er dumt om ein tenkjer slik, for debatten bør handle om korleis ein skal klare å skape gode tenester for innbyggjarane sine i framtida, seier Njåstad.

Njåstad

KRITISK: Helge Andre Njåstad er kritisk til kraftkommunar som ikkje er interesserte i kommunesamanslåing.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Njåstad meiner at også rike kommunar i mange tilfelle vil tene på samanslåing.

– Det er ikkje noko automatikk i at rike kommunar er betre kommunar å bu i enn andre. Ofte ser vi at kommunar som har lært seg å spare og drive effektivt, er dei som har dei beste tenestene.

– Vi klarar oss bra åleine

Ein av dei siste kraftkommunane som har stått på sitt, er Bremanger. Naboane Vågsøy og Flora vil slå seg saman, men Bremanger nektar. Sist veke vart det klart at kommunalminister Jan Tore Sanner ikkje vil tvinge dei tre saman.

– Vi klarar oss veldig bra åleine, og har tenkt til å halde fram med det, seier Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H).

Audun Åge Røys

VIL STÅ ÅLEINE: Audun Åge Røys (H) og Bremanger kommune vil helst halde fram som eigen kommune, og får førebels lov til det av kommunalministeren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han legg ikkje skjul på at dei gode kraftinntektene er bakteppet for at Bremanger har ein god økonomi, og ønskjer å stå åleine.

– Hadde vi ikkje hatt kraftpengane, måtte vi ha innretta oss annleis. No har vi eit veldig desentralisert tilbod. Fleire skular, barnehagar og to legekontor. Det har vi ikkje lyst til å miste.

Trur ikkje pengar er det viktigaste

Professor i samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet, Oddbjørn Bukve, seier det er uvisst om det er så lurt for dei rike kommunane å stå åleine.

Oddbjørn Bukve

IKKJE EIT ENKELT SVAR: Oddbjørn Bukve ved Høgskulen på Vestlandet seier at det ikkje finst eit enkelt svar på kva som er lurt å gjere for rike kraftkommunar. Han seier likevel at det ikkje er sikkert det er så lurt å stå åleine til kvar ein pris.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det kan vere lurt for nokre, men det viktigaste for kor godt det er å bu i ein kommune, er at det er ein kommune der ein skapar interessante jobbar. Det klarer ein ikkje berre med å ha mykje pengar.

Professoren seier at det kan syne seg å vere kortsiktig om ein tenkjer at ein vil sitje åleine med kraftinntektene.

– Vi ser at nye ordningar gjer at det lønner seg stadig mindre å vere kraftkommune. Om det syner seg at desse kommunane stiller seg på utsida av fruktbare prosessar, er det ikkje sikkert det er så lurt.

Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.
  
Rumlefelt får ned antall alvorlige møteulykker
  
Gondolbana i Loen, basehopparar som gjer seg klar til å hoppe, basehopparar i lufta, go pro bilete frå basehopp, Loen sett frå Hoven, Folk på Hoven, Folk tek bana opp og ned