Hopp til innhold

– Reiselivet forureinar nesten like mykje som oljeindustrien

– Klimaavtrykket frå norsk reiseliv er nesten i same storleik som avtrykket frå norsk oljeindustri. Det seier klimaforskar Carlo Aall.

Carlo Aall

ROE NED: – Me må prøve å roe ned det evige jaget etter nye opplevingar på så gjerne stadar som mogleg. Vi må heller reise saktare og kortare til stadar vi tek oss ekstra tid til å nyte, meiner forskar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– To tredeler av utsleppa i reiselivet kjem frå flytrafikken, seier Aall.

Behovet for å avgrense klimautsleppa på kloden er enormt, og må skje i høgt tempo. Det var ein av konklusjonane då FN sitt klimapanel la fram ein rapport i 2018 .

Mykje av utsleppa kjem frå flytrafikken. I helga la Aall, som er klimaforskar ved Vestlandsforsking, fram oppdaterte tal på kor stort klimaavtrykket til norsk reiseliv er. Og tala er høge.

– Når me slår saman nordmenn sine utslepp frå ferie i inn- og utland med utlendingar sin ferie i Noreg, og reknar med flyreisa inn og ut av Noreg, er utsleppa av CO₂ frå norsk reiseliv store. Faktisk nesten like store som den største enkeltkjelda i den offisielle norske klimarekneskapen – produksjon av olje og gass, seier Aall.

Har lagt saman fleire felt

Det kjem ikkje fram i den offisielle klimastatistikken.

– Nasjonane rapporterer klimautsleppa sine ut frå kva som skjer innanfor grensene i kvart land. Men reiseliv dreier seg mykje om å reise mellom land, og difor har vi teke med utsleppa frå internasjonale flyreiser og båtreiser, seier Aall.

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Tromsø, Astrid Maria Cabrera, er samd. Ho ser at det finst ei uro rundt at reiselivsnæringa er ute av kontroll og at det er Noreg si siste «villvest»–næring».

Elfly kunne ha vore ei løysing på somme av problema, men dei kjem for seint, påpeikar Aall.

– Det kan komme innan 2030, men det vil ta så lang tid å få sertifisert dette nye flysystemet at elflyet vil komme for seint til at reiselivet kan ta sin del av rekninga med å halvere utsleppa innan 2030, seier han.

Ifølgje forskaren blir difor spørsmålet: Korleis kan den delen av norsk reiseliv som er avhengig av flytransport tene pengar, utan å vere avhengige av at flytransporten kan halde fram med å auke?

– For flytransporten vil truleg måtte gå ned innan 2030 dersom reiselivet skal ta sin del av klimarekninga, seier Aall.

Må byggje ut transport som har nullutslepp

Han løfta denne veka problemstillinga for reiselivet i Tromsø, som hadde ein klar respons.

– Konklusjonen var at då må vi forlenge Nord Noreg-bana til Tromsø, iallfall. Helst til Finnmark. Vi må byggje ut den transporten som kan fungere med nullutslepp, seier Aall.

– Er det eit alternativ å redusere volumet?

– For å kjøpe oss tid til å dra nytte av ny teknologi, som elfly, må vi inntil vidare ta ned forbruksvolumet på nokre område, slik som langdistansefly. Kanskje klarar vi å prøva ut elfly på kortbane i Noreg innan fristen. Det står att å sjå. Men det er umogleg å få ned det store volumet med interkontinental transport til å klare togradersmålet, seier Aall.

Han peikar på at alle monnar dreg.

– Norsk reiselivsnæring kan også gjere noko med reisa inn og ut. Ein kan la vere å reklamere til dei marknadene som openbert av praktiske årsaker berre kan komme med fly. Den openberre ressursen for norsk reiseliv er at nordmenn ferierer oftare i Noreg, seier Aall.

Tone Rønning Vike

KLIMAVENLEG: Tone Rønning Vike serverer kortreist mat og tilby sakte-opplevingar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Må ikkje saga av greina vi sit på

I Aurland eig og driv Tone Rønning Vike ei reiselivsbedrift som er eit motsvar til masseturisme.

– Vi vil vise at det går an å leve av berekraftig turisme. Vi er stolte av bygda og naturen vår og folk kjem hit for å oppleve naturen. Då kan vi ikkje sage av greina vi sit på, seier Vike, som serverer kortreist, lokal og økologisk produsert mat, og tilbyr sakte-opplevingar.

Ho er ikkje overraska over tala frå Vestlandsforsking og peikar på at noko må gjerast.

– Vi må handle og marknadsføre oss mot nærområda våre og resten av Norden. Fly mindre, kutt ned på cruise og begynn å tenk grønt, seier Vike.

At Noreg den seinare tid har marknadsført seg mykje i Asia, har ho lite sans for.

– Eg tenkjer at det er litt feil gruppe. Det finst mange som er villige til å betale meir og bruke meir tid, så ein må satse på dei, og ikkje på masseturisme. Framtidas turistar er også opptekne av miljø fordi vi bur på ein klode som vi ser går av hengslene, seier Vike.

Reiselivssjef overraska

Direktør Kristian Jørgensen i reisemålselskapet Fjord Norge seier han er overraska over tala til Carlo Aall.

– Det er høge tal, og dei er vesentleg høgare enn det andre internasjonale rapportar faktisk seier at dei er.

Han seier næringa jobbar med eit prosjekt mot 2030 som skal sjå på korleis turistane skal bidra til mindre utslepp. Mellom anna vil dei prøve å få tak i andre typar turistar og ikkje minst turistar som vert lengre i Noreg når dei først kjem hit.