NRK Meny
Normal

Spår medlemsflukt etter nedlegging av distriktskontor

Redningsselskapet vil få svi økonomisk for at dei kuttar i distrikta. Det meiner styremedlem i Sogn og Fjordane, Bjørn Korneliussen.

Redningsskøyta Halfdan Grieg på tokt

URO: Det er massiv uro i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane etter at det vart kjent at distriktskontoret i Florø blir flytta til Bergen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I går vart det kjent at Redningsselskapet legg ned distriktskontoret i Florø, og flyttar stillinga dei har hatt der til Bergen. Styreleiaren i Sogn og Fjordane, Olav Steimler, er i harnisk og har svart med å trekkje seg frå styret og melde seg ut av selskapet.

Korneliussen slår følgje og trur selskapet vil oppleve at også mange medlemmer takkar for seg.

– Det som skjer no er fullstendig gale. Det er eit hån mot medlemmene, mot dei frivillige og ikkje minst mot lokalkontoret i Florø som har stått på i det førebyggande arbeidet. Det som skjer no er tragisk for heile fylket, rasar Korneliussen.

– Alt blir lagt i grus med eit pennestrøk

Redningsselskapet er frivillig og blir driven ved hjelp av innsamla midlar og statlege bidrag over Fiskeri- og kystdepartementet. Når distriktskontoret i Sogn og Fjordane no er vedteke flytta til Bergen fryktar dei lokale styremedlemmane at selskapet sitt arbeid i fylket vil bli kraftig svekka.

– Distrikta treng nærleik, og Sogn og Fjordane treng folk som kan Sogn og Fjordane frå inste til ytste. Vi veit det er langt frå Bergen til Stad, og vi veit at Bergen allereie er underbemanna, sa Olav Steimler til NRK.no i går.

Også Korneliussen er svært kritisk. Han har vore aktiv i selskapet i 20 år og hatt fire periodar i styre og slett. Trass stor interesse er det no slutt.

– Eg trekkjer meg i protest. Eg kan ikkje godta dette. Vi har vore med å byggje opp dette, og ser vi at alt blir lagt i grus med eit pennestrøk, seier han frustrert.

Lovar å halde fram som før

Redningsselskapet seier flyttinga av kontoret blir gjort for å sikre ei meir effektiv drift og større miljø for dei tilsette. Distriktsansvarleg i selskapet, Kristin Wiig Sandnes lovar at aktivitetane i Sogn og Fjordane skal halde fram som før.

– Det handlar om å organisere seg, og vere til stades. Dei som jobbar på kontoret i Bergen må reise til Sogn og Fjordane. Vi skal framleis ha aktivitetane i Sogn og Fjordane, seier ho og nemner både Elias-båten, sommarleirar, førebyggande arbeid og eit planlagt sommarkontor.

– Spår medlemsflukt

Både Steimler og Korneliussen meiner selskapet kan vente seg medlemsflukt. Korneliussen er sikker i si sak om at selskapet kjem til å få svi økonomisk.

Trur du folk vil slutte å gje pengar til Redningsselskapet no?

– Dei vil miste mange medlemmer, spesielt frå distriktet Sogn og Fjordane der det har vore mykje aktivitet. Kvifor skal folk ha eit medlemskap når det ikkje skjer noko førebyggande arbeid, seier Korneliussen som ikkje vil godta argumentasjonen til selskapet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.