Hopp til innhold

– Rattsø brukar forelda tal om skipstunnelen

Prosjektleiaren i Stad skipstunnel er forundra over at professor Jørn Rattsø brukar det ho seier er direkte feilaktige tal om tunnelen.

Randi Paulsen Humborstad

– FEILAKTIG: Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad synest det er rart at Rattsø brukar gamle tal.

Foto: Øystein Torheim

I rapporten Rattsø denne veka la fram - «Produktivitet - grunnlag for vekst» - brukar han Stad skipstunnel som eit døme på prosjekt som ikkje er samfunnsnyttige. Han meiner å kunne slå fast at tunnelen vil gje eit samfunnsøkonomisk tap på 1,6 milliardar kroner.

Rapporten på rundt 500 sider vart overlevert til finansminister Siv Jensen.

– Direkte feilaktig

No går eldsjelene bak Stad skipstunnel i gang med brannsløkking. Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad har sendt ei pressemelding med fleire vedlegg til politikarar, byråkratar og media for å vise at professoren tek feil.

– Det som står om Stad skipstunnel i rapporten er ikkje berre misvisande, men direkte feilaktig. Eg er forundra over at ein professor i samfunnsøkonomi ikkje har gjort betre research enn dette.

– Det verkar som dei har vore på utkikk etter eit eksempel. Men så har dei ikkje gått i djupna på prosjektet og sett seg inn i dei utgreiingane som har vore om prosjektet. Dei har funne ein KVU frå 2010 og ikkje fått med seg at det har vore ei kvalitetssikring av denne i etterkant.

Rapport til Siv Jensen

RAPPORT MED FEIL? Professor Jørn Rattsø overleverte rapporten til finansminister Siv Jensen denne veka. I rapporten er Stad skipstunnel brukt som døme på prosjekt med negativ samfunnsøkonomisk nytte.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Konklusjon: Positiv samfunnsøkonomisk nytte

For tala Rattsø og hans folk brukar stammar frå ei utgreiing som kom i desember 2010. I februar 2011 kom ein rapport frå SINTEF som tok med både prissette og ikkje prissette konsekvensar av tunnelen.

Konklusjonen i den rapporten var at tunnelen har ei positiv samfunnsøkonomisk nytte på 1,2 milliardar kroner. Eit seinare notat frå mai 2012 konkluderer med at tunnelen har ein positiv samfunnsøkonomisk nytte på mellom 0,5 og ein milliard kroner.

– Har bevis for at det er feil

Randi Paulsen Humborstad håpar no at det er desse tala politikarane legg til grunn.

– No har vi gått hardt ut, eg har sendt ut pressemelding til media og til Finans- og samferdselsdepartementet. Neste veke skal vi på Stortinget og ha møte med fraksjonen til Høgre og Frp i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Ho trur ikkje dømet til Rattsø vil skade framdrifta til Stad skipstunnel.

– Vi har bevis for at dette er feilaktig informasjon, dette må dei rette opp.

NRK har prøvd å få kommentar frå Jørn Rattsø i dag, men han viser i ein SMS oss vidare til sekretæren for Produktivitetskommisjonen, avdelingsdirektør Erik Storm i Finansdepartementet.

Han kjenner ikkje til dømet i rapporten, men lovar å undersøke saka. Han seier at dersom noko er feil i rapporten er det ikkje for seint å rette det opp.