Hopp til innhold

– Psykisk utviklingshemma blir nedprioritert

FØRDE (NRK): Oppfølginga til psykisk utviklingshemma har blitt betydeleg svekka dei siste åra. No står over halvparten utan aktivitet eller arbeid i kvardagen.

Førde ressurssenter

EIT GODT TILBOD: Leiar på Førde ressurssenter Lena Sørensen (t.v.) ser på Siw Indrebø (t.h.) som lagar tennbrikettar. Førde er ein av få kommunar der dagtilbodet fungerer godt.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Dei får endå dårlegare liv, med depresjonar og mistrivsel. Alt i alt eit ganske uverdig liv, seier leiar i Norsk forbund for utviklingshemma, NFU, Jens Petter Gitlesen.

Ei nedprioritert gruppe

På Førde ressurssenter skil dei seg ut frå trenden elles i landet. Her får alle eit dagtilbod, og dei som er der bidreg på kvar sin måte. Ein av dei er Even Johannessen, som både hjelper til på kjøkenet og i produksjonen av tennbrikettar.

– Det betyr veldig mykje for meg å vere her, så slepp eg å sitte heime utan å ha noko å finne på. Det blir veldig lange dagar dersom eg ikkje har noko å gjere. Eg gleder meg alltid til å kome på jobb, seier Johannessen.

Even Johannessen på Førde ressurssenter lagar tennbrikettar

GLEDER SEG ALLTID TIL JOBB: Even Johannessen er strålande fornøgd med at han har ein arbeidsplass å kome til på Førde ressurssenter.

Foto: Magnus Helle / NRK


Johannessen og Førde ressurssenter har utvikla seg til å bli eit døme på unntaket, i staden for regelen. Utviklinga sidan 2012 har nemleg vore dramatisk. Den gong stod 10,7 prosent av dei med psykisk utviklingshemming utan eit dagtilbod, eller eit arbeid.

I 2017 var 53 prosent utan det same tilbodet. Årsaka til auka på 41,3 prosentpoeng er ifylgje leiar og professor i NIKU, Nasjonalt kompetansemiljø for utviklingshemming, Karl Elling Ellingsen klar.

Utviklinga for personar med utviklingshemming har til arbeid og andre tiltak

FLEIRE UTAN JOBB: Talet på personar med utviklingshemming utan arbeid eller dagtilbod har gått drastisk opp dei siste åra.

Foto: Skjermdump / NAKU

– I all hovudsak er det politiske omsyn som har gjort at utviklinga har blitt slik. I konkurransen mot andre viktige formål kommunane utfører ser me at dei med psykisk utviklingshemming har blitt nedprioritert.

I 1995 blei ansvaret for dei med psykisk utviklingshemming flytta frå stat til kommune.

– Staten må sørge for at kommunane er i stand til å kunne gi eit godt nok tilbod. Dei har også moglegheit til å styrke rettane til dei med psykisk utviklingshemming, seier Ellingsen.

– Eit brot på lova

I lovverket står det at dei med psykisk utviklingshemming har rett på eit aktivt og meiningsfullt liv. Gitlesen i NFU meiner rettane ikkje blir halde ved lag.

– Det er viktig for dei utsette å få eit dagtilbod eller eit tilrettelagt arbeid. Det er like viktig for dei med utviklingshemming å ha ein jobb, som det er for alle andre.

Gitlesen meiner dei psykisk utviklingshemma er avhengige av tilbodet andre legg til rette for dei.

– Når ein då fjernar det tilbodet er det berre tomheita som er igjen. Sjå for deg at du sit i stova di, og der skal du bli verande til du døyr. Det er ein trist tanke.

Bekymringsfull utvikling

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Bramo (Frp), ser alvorleg på saka.

– Me veit at ein aktiv kvardag gjer den psykiske helsa betre. Difor er det veldig urovekkande at færre med utviklingshemming får tilrettelagt arbeid eller eit dagtilbod.

Kven er det som er ansvarleg for denne utviklinga?

– Ansvaret ligg under fleire departement, så me er mange som har ein jobb å gjere for å gi dei psykisk utviklingshemma den støtta dei treng. Dei utviklingshemma er ei gruppe som ikkje har mange demonstrasjonstog bak seg. Difor er det viktig at me er ekstra merksame på deira behov.