Hopp til innhold

– Problematisk med E39 utan gul midtstripe

Eit år før Nasjonalt transportplan blir lagt fram har transportkomiteen på Stortinget vore på heseblesande rundtur i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Nicolai Astrup har vore på rundttur i Sogn og FJordane og Møre og Romsdal

INNSPEL: Full oppgradering av E39 er noko av det som kan diskuterast når nasjonal transportplan skal avgjerast neste år, seier leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen, Nicolai Astrup.

Foto: Eva Marie Felde

– Vegar utan gul stripe er eit problem når det er europavegar vi snakkar om, både for tungtransport og tryggleik. Det er mange vegar her som er utsette og har hatt alvorlege ulukker, og det må vi ta med oss, seier leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H).

I løpet av to tettpakka dagar har han og dei andre komitemedlemmene, fått synfaring og informasjon om Stad skipstunnel, Førdepakken, ferjefri E39, Vikafjellet, Riksveg 5 mellom Førde og Naustdal, for berre å nemne noko. Astrup meiner dei får mykje att for turen.

– For oss er det viktig å få med seg prioriteringane til fylka. Vi må få tydeleg beskjed om kva som er viktigast, eller så må vi prioritere for dei.

Meiner signala er tydelege

I heile landet står nye og gamle vegprosjekt i kø. Alle vil sikre seg ein plass i Nasjonal Transportplan som blir lagt fram neste vår. Fylkesordførar Jenny Følling seier at ho har vore tydeleg på kva som er fylket sine viktigaste prosjekt.

Transport- og kommuniasjonskomiteen på Stortinget har vore på rundreise.

PROSJEKT: Stad skipstunnel, Kvivsvegen, ferjefri E39 og Førdepakken er berre noko av det stortingspolitikarane har fått presentert under dei to dagane dei har vore på rundtur på Nordvestlandet. – Ferjefri E39 og Hemsedalsfjellet som trasé har vore våre viktigaste innspel til dei, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Eva Marie Felde

– Det mest avgjerande er å få gul midtstripe på E39, og opprusting sørfrå og nordover. Vi har også snakka om traséval aust-vest og at Hemsedal må veljast for at vi skal ha eit godt samband for fylket og nordvestlandet, seier Følling.

Ei konseptvalutgreiing er venta 1. september, med endeleg avklaring i Nasjonal Transportplan til våren. Forpolitikarane som skal ha vegsakene på sitt bord til dagleg er det ikkje lett å vite kva som skal prioriterast høgast. Difor er komiteleiaren glad for å reise rundt, og høyre frå dei som er tett på eller blir råka av prosjekta.

Meir enn kortaste veg frå A til B

– Vi har ofte eit transportfokus, men transporten er jo til for nokon og ikkje berre for dei som skal køyre gjennom. Vi må balansere omsyna, og her som reiseliv og friluftsnæringa står sterkt er det interessante perspektiv, seier Astrup etter at næringssjef Jan Heggheim frå fylkeskommunen teikna og forklarte om vegstandard og turisme, rutetilbod og breibandutbygging.

Etter knappe 45 minutt med andre presentasjonar om E39 Skei–Grodås og Fylkesveg 60 Innvik–Olden, sette politikarane seg nok ein gong i bussen for å køyre det som er kalla Noregs verste veg.

Med seg i bagasjen håpar fylkesordføra Jenny Følling at komiteen tek med seg argument som syter for at prosjekta i Sogn og Fjordane hevdar seg i kampen om pengane.

– Vi må ta vare på den vegen vi har. Det er viktigast på kort sikt, så må vi planlegge for dei langsiktige behova. Då er full oppgradering av E39 noko av det som skal diskuterast i samband med Nasjonal transportplan, seier Jenny Følling.