Hopp til innhold

– Prisjusteringa blir litt feil for dei som nyttar båten mykje

SOGNEFJORDEN (NRK): – Ein burde nok heller funne ein flat måte å justere prisskilnaden på.

Linda, Kine og Karin Ullensvang

TRE GENERASJONAR: Linda (42), Kine (13) og Karin (70) Ullensvang er ikkje ukjende med snøggbåten mellom Bergen og Sogndal. – Det er mykje meir behageleg enn å ta buss. Vi kan ete, sove, bevege oss litt. Det er mykje kjekkare å sitte her enn på ein buss, seier Kine.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Det seier Linda Ullensvang frå Os. Som så mange gonger før tek ho snøggbåten frå Sogndal til Bergen etter haustferie i Sogn.

I framtida kan turen bli 16 prosent dyrare, dersom fylkespolitikarane får det som dei vil.

– Det blir litt feil for dei som brukar båten mykje. Vi brukar ikkje båten så mykje, så vi vil nok halde fram med å ta den, seier Ullensvang.

– Ikkje usamde, men ...

Harald Offerdal, Ap-ordførar i Balestrand, på Sognebåten.

KRITISK: – I ytste konsekvens forsvinn passasjergrunnlaget for lokalbefolkninga og då får ein eit argument for å leggje ned båten, fryktar Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap).

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Fylkespolitikarane vil jamne ut prisskilnaden på snøggbåtrutene mellom Bergen og Nordfjord og Sogn. Løysinga er å auke prisen så sogneruta, og ei lita nedjustering av den langt dyrare prisen på nordfjordruta .

Sidan 90-talet har prisane for Sognebåten blitt rekna ut etter luftlinje. Frå Selje er prisane utrekna etter nautiske mil.

Prisjusteringa har vakt reaksjonar i Sogn. Dei fryktar følgjene for reiselivsnæringa, næringslivet og innbyggjarane. Ruta har i år 20 prosent fleire reisande enn i fjor.

– Vi er ikkje usamde i ei prisharmonering, men vi meiner det må skje gradvis, seier ei av dei mest kritiske røystene, Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap).

Kjenner seg svikta

Kaptein Jan Terje Øksnes og styrmann Kristian Severin Johannessen

LIKAR IKKJE: Kaptein Jan Terje Øksnes (t.v.) seier tilbakemeldingane frå dei reisande er negativ. – Sjølve prisauken er sett politisk, så reiarlaget har ikkje noko med den å gjere. Tilbakemeldingane frå passasjerane er at prisauken på ei enkeltreise frå Bergen til Sogn er makaber, seier han.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Prisauken frå Balestrand til Bergen er på 95 kroner, eller 16 prosent. Turen blir prosentvis dyrare jo lenger ut i fjorden ein kjem. Frå Høyanger blir turen 115 kroner dyrare, eller 25 prosent.

Offerdal kjenner seg svikta av sine eigne. Det var Arbeidpartikollegaer som fremja prisendringa i Hovudutval for samferdsle.

– Eg tykkjer fylkesadministrasjonen hadde ei fornuftig tilnærming, der dei la opp til gradvis nedgang på Nordfjord og gradvis auke på Sogn. Du treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at prisauken vil gå utover passasjergrunnlaget, seier han.

Må ha rettferdig pris

Harald Bjarte Reite

LIV LAGA: Ap-politikar Harald Bjarte Reite meiner snøggbåtane er viktige innfartsportar for Nordfjord og Sogn. – Eg har inntrykk av at båtane står tryggare enn nokon gong, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Offerdal er skuffa over at ordførarane i Sogn ikkje har fått uttala seg. Harald Bjarte Reite er ein av Ap-politikarane bak framlegget.

– Vi skal ha fokus på samferdsletenester til innbyggjarane, og ikkje nødvendigvis næringsliv og reiseliv. Vi må ha ein rettferdig pris, seier han og legg til endringa framleis skal vedtakast i fylkestinget.

– Politikkens vesen og veg er at vi er opne for alle innspel som kjem, seier han.

Kortar reisevegen

Helge og Grete Grønningsæter.

PENDLAR: Helge og Grete Grønningsæter er blant fleire som nyttar snøggbåten til jobbpendling.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Tilbake på båten blir Helge og Grethe Grønningsæter nye passasjerar i Vik. Dei er blant dei mange som nyttar båten til og frå reisemål i fylket. Siste 11 åra har dei pendla til jobb i Høyanger.

I dag skal dei til Nordeide og vidare med bussen til Førde.

– Det ville vore tungvint å køyre to timar på ein slitsam veg og med ferje. Eg trur ikkje vi kunne hatt jobben i Høyanger utan båten, seier dei og trur folk flest meiner båten er dyr nok som den er i dag.