NRK Meny
Normal

– Prestasjonen er vel så viktig som poeng

SOGNDAL (NRK): Poeng er målet, men prestasjonane er vel så viktige når Sogndal Fotball serieopnar borte mot Bodø/Glimt på søndag.

Eirik Bakke

FOKUS: – Uansett om ein vinn eller taper, så må ein gløyme det fortast mogleg og tenkje på neste oppgåve, seier Eirik Bakke (i midten) om comebacksesongen i Eliteserien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter tre sigrar og fire uavgjort på ni oppkøyringskampar, gjer Sogndal Fotball comeback i eliteserien på søndag.

Trenar Eirik Bakke er vel så oppteken av prestasjonane, som av poenga.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg ynskjer å sjå at vi byggjer vidare på det beste vi har gjort i treningskampane, seier han.

Optimistisk Bakke

Den siste veka har både sjukdom og skade sleppt taket på spelargruppa hans. Dei har blitt fleire og fleire på treningsfeltet. Til stor glede for Bakke, som i helga debuterer som trenar i Eliteserien.

Henrik Furebotn

I GULT: I helga står årdøl, og tidlegare Sogndal-spelar, Henrik Furebotn, på andre sida av midtbanestreken på Aspmyra.

Foto: Øystein Nygård / NRK

Som alle fotballspelarar, og trenarar, reiser Sogndal til Bodø med håp og ynskje om eit perfekt comeback til det gode selskap; siger og tre poeng.

– Men vi veit det blir tøft der oppe i nord. I starten av sesongen blir det krig, duellar og dei som spring mest, orkar mest, lukkast. Og det er noko vi skal vere gode på. Eg er optimist før helga, seier Bakke.

Viktig med god start

Sogndal er tradisjonen tru tippa nord og ned av dei fleste fotballekspertane. Det gjer spelargruppa ekstra motivasjon til å overraske i år. Starten gir aldri noko garanti for korleis sesongen utviklar seg. Noko helgas motstandar viste i fjor.

Bodø/Glimt gjekk inn i 9. serierunde med to uavgjort og sju tap. Dei enda til slutt på 9.-plass.

Som Bakke seier, serieopninga er ein av 30 kampar gjennom ein lang sesong.

– Ein god start er viktig. Vi starta med siger i fjor. Vi hadde gode prestasjonar og gode resultat. Dess fleire poeng du tek tidleg, jo lettare blir det utover sesongen, seier Bakke og legg til:

Rune Bolseth på trening i Sogndal.

GLER SEG: – Det har vore ei veke med ekstra fokus og konsentrasjon. Det er ein gjeng som vil spele på søndag, seier Sogndal-kaptein, Rune Bolseth, om stemninga i laget før seriestarten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Og så er det alltid moro å vinne fotballkampar.

Fleire småskadde

Ein som verkeleg gler seg er Sogndal-kaptein Rune Bolseth.

– Vi jobba knallhardt i heile fjor for å komme tilbake i det gode selskap. No er vi der. Dette blir kanonartig, seier han.

Først etter treninga laurdag blir det avklara om han, Babacar Sarr og Hannu Patronen spelar. I tillegg er langtidsskadde Victor Grodås og Mahatma Otoo att i Sogndal.

– Vi har kamp allereie neste veke, så satsar ikkje alle kort på første kamp, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..