Hopp til innhold

– Politikarane må få fart på seg

Fylkeskommunen og kommunane må få fart på seg om oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane skal vekse. Det seier regiondirektøren i Fiskeridirektoratet.

Vidar Ulriksen om oppdrettsnæringa

FYLKE OG KOMMUNANE: Det er Fylkeskommunen og kommunane som må handle om oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane skal kunne vekse, seier Vidar Ulriksen i Fiskeridirektoratet.

Foto: Rygg/VG

Ein ny analyse viser at næringa gir arbeid til over 700 personar i Sogn og Fjordane. I 2012 skapte næringa verdiar for 1,1 milliardar kroner, men dette var eit år med låge prisar. I 2013 er verdiskapinga venta å vere heile 1,5 milliardar kroner.

Men framleis er næringa langt frå så stor som i nabofylket Hordaland, seier regiondirektør i Fiskeridirektoratet Vidar Ulriksen.

I Sogn og Fjordane kan mangel på nye areal føre til at veksten for næringa stoggar opp. Om regjeringa skulle lyse ut nye oppdrettskonsesjonar manglar nemleg kystkommunane areal som er regulert til nettopp oppdrettsverksemd.

– Det eg synest vi må prioritere er tilrettelegging for disponering av kystarealet vårt slik at vi har gode lokalitetar, som kan ha ein berekraftig produksjon av langt større mengder fisk enn vi har i dag, seier Ulriksen til NRK.no.

Får ikkje byggje ut i verna område

Verdiskapinga i oppdrettsnæringa er i milliardklassen. Likevel er det langt færre oppdrettsanlegg i Sogn og Fjordane enn i nabofylka.

Årsaka er at næringa andre stader var kome lenger før styresmaktene avgrensa avgangen til å drive oppdrett.

Øyvind Kråkås er informasjonsmedarbeidar i Salmon Group, verdas største nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap. Han seier vern av område er ei viktig forklaring til at fylka nord og sør om oss har gått ifrå oss på dette feltet.

– Sogn og Fjordane er eit fylke som er omfatta av mykje vern, Vi har til dømes verna laksefjordar og vern av sjøfugl, noko som gjer at det er store område som ikkje blir nytta til oppdrettsaktivitet, seier han.

Han etterlyser handling for å leggje til rette for vekst.

– Eg trur næringa i Sogn og Fjordane har stort potensial. Mellom anna fordi vi har ein forholdsvis liten produksjon her, samanlikna med nabofylka våre i forhold til det store sjøarealet vi har. Så her er det potensial for vekst, seier han.

– Lokalpolitikarane må ta tak

Vidar Ulriksen i Fiskeridirektoratet seier problemet i Sogn og Fjordane er at det manglar regulerte areal til oppdrettsanlegg.

– Dette er eit kommunalt ansvar, men fylkeskommunen prøver også samordne dette. Så det er lokalpolitikarane som må ta tak i dette, seier han.

– Er det grunn til å ønskje seg at dette arbeidet burde vore gjort fortare?

– Det er alltids lik at det er mange ting som skulle vore gjort i går. Men det viktige er at dette blir skikkeleg gjort, seier han.

Er i ferd med å ta grep

Direktør for plan og samfunn i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Svein Arne Skuggen Hoff, seier dei no gjer noko med problemet.

Dei er i ferd med å starte opp planarbeid, men i første omgang berre i samarbeid med dei fire nordlegaste kystkommunane i fylket. Dette gjeld altså Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje.

– Dette treng ikkje ta lang tid, men sjølve kartleggingsarbeidet vil ta noko tid, seier han.