Hopp til innhold

– Politiet har ikkje visst kven dei skal ringe

Politiet sin nye operasjonssentral i Bergen får strykkarakter av Norges Jeger- og fiskeforbund i Sogn og Fjordane. Dei fortel om fleire tilfelle der ettersøksjegerar i feil kommune har blitt kontakta når hjortar har blitt påkøyrde langs vegane.

Hjortepåkøyrsel i Gaular

AVGJERANDE MED RESPONSTID: Til no i år er det meldt om 355 hjortepåkøyrsler i Sogn og Fjordane. Ettersøksjegerane som blir kalla ut er avhengige av å bli varsla tidleg, slik at dei får gjort slutt på dyra sine lidingar. Denne hjorten døydde i påkøyrsla som skjedde i Gaular måndag.

Foto: NRK

– Det verkar som det er heilt vilkårleg kven som blir ringt opp. Vi har opplevd at ettersøksvakta i Førde blir ringt opp om ein påkøyrsel i Gloppen, og folk i indre Sogn blir ringt opp om hendingar i ytre Sogn, seier Rudi Sønnervik i Norges Jeger- og fiskeforbund (NJFF) i Sogn og Fjordane.

To veker etter at Sogn og Fjordane og Hordaland fekk felles operasjonssentral slår ettersøksjegerane alarm. Dei fryktar påkøyrd hjort kan måtte vente i timevis før jegerane får gjort slutt på lidingane deira.

For jegerane er det heilt avgjerande at rett folk blir varsla tidleg.

– Det er snakk om store dyrelidingar, seier Sønnervik.

Rudi Sønnervik

OPPGITT: Rudi Sønnervik i Norges Jeger- og fiskeforbund seier mange ettersøksringar i Sogn og Fjordane er fortvila over situasjonen. – Det med å ettersøke skadde, sjuke og døyande dyr er ei samfunnsoppgåve som er lovfesta frå høgste hald.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fryktar telefonliste er blitt vekke

Kvart år blir mellom 400 og 500 hjortar påkøyrde langs vegane i Sogn og Fjordane. NJFF har i dag ettersøksringar i 24 kommunar, og dei rykker ut både dag og natt etter meldingar om påkøyrsler.

Før opplevde ettersøksringane at operasjonssentralen i Florø raskt fekk tak i jegerar i rett kommune. Sønnervik seier at dei som varsla inn ei påkøyrsle til politiet vart sett direkte over til ettersøksvakta i den aktuelle kommunen.

Etter flyttinga til Bergen ser det ut til at kontaktinformasjonen politiet hadde til ettersøksjegerane har blitt vekke, fortel Sønnervik.

– Om lappen ramla av på flyttelasset, det veit eg ikkje. Men dei i Florø hadde iallfall full kontroll over alle ettersøksringane i fylket.

– De visste at politiet i Sogn og Fjordane og Hordaland skulle få felles operasjonssentral. Kunne de ha laga ei liste og sendt dei på førehand?

– Det er ikkje vi som utøvande ettersøksjegerar som skal passe på at det offentlege har strukturen sin i orden.

Vart lagt i feil mappe

Kritikarane til samanslåinga av operasjonssentralane hadde lokalkunnskap som eitt av sine sterkaste ankepunkt. Kjersti Eidsnes er fungerande seksjonsleiar for operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Påkøyrd hjort
Foto: Rudi Sønnervik

Ho er kjent med ein episode der operatøren har ringt til ettersøksringen på feil stad.

Vi opererer med identisk liste som dei hadde i Sogn og Fjordane. Den har vi lagt inn i våre system, men i samband med ombygginga blei det flytta til ei ny mappe. Operatøren leitte i den gamle mappa, seier Eidsnes.

Sønnervik har fått tilbakemelding om fleire oppringingar til feil kommune. Eidnes meiner det skuldast at innringarane ikkje har visst kvar dei er.

– No har vi gjort alle operatørane kjent med kvar informasjonen er flytta. Slik eg ser det skal ikkje dette skje igjen.

I Norges Jeger- og fiskeforbund forventar Sønnervik at ting er rydda opp i.

– For situasjonen slik den har vore dei siste to vekene har vore uhaldbar. November og desember er månadane med flest påkøyrsler, så dette må fungere for å unngå dyrelidingar.