Vitnet seier at UP-betjenten føretok ei halsbrekkande forbikøyring.
– Politimannen oppførte seg så halselaust at det var uhyggeleg vere tilskodar, seier vitnet.
– Eit under
Han hadde nettopp køyrt forbi ein UP-kontroll mellom Breim og Sandane, då ein politibil med blålys kom køyrande forbi han. Like etter nådde både han og politibilen igjen ein bil med campingvogn.
– Eg reagerte ikkje på politibilen før den føretok ei forbikøyring av bilen med campingvogna i ein uoversiktleg sving. Imot kom ein annan bil, og politibilen klarte så vidt å smyge seg mellom dei to bilane Det er eit under at det ikkje small, seier mannen.
Kuriosa
Historia om politimannen som skyssa to bryllaupsgjester med blålys for at dei skulle nå ferja ved Anda ferjekai, har gått som ein kuriositet i media landet over. Statsadvokaten har lagt vekk saka mot den tidlegare UP-betjenten fordi det viste seg at speedometeret i bilen hans viste feil. (Sjå "Politi hjelpte bryllaupsgjester – slapp bot ".)
Feil fokus
Vitnet som rapporterte hendinga til politiet, reagerer på at det heile vert lagt vekk. Historia hans er også av ein langt meir alvorleg karakter enn det som har kome fram tidlegare.
Det overraskar han at det er blitt fokusert på bruken av blålys og farten til politibilen i denne saka. Då han og medpassasjeren skreiv rapport til politiet om det som skjedde, så var det forbikøyringa dei reagerte på.
Mannen seier at han har teke opp att det poenget både i avhøyret med SEFO og då det såg ut til at politimannen skulle få 2000 kroner i bot fordi han køyrde for fort.
Kritikk frå UP-sjefen
UP-sjefen sa i går at også han reagerte sterkt på køyringa til politimannen.
– Å frakte bryllaupsgjester er ikkje så viktig at vi skal setje livet og helsa til andre i fare, sa sjefen for utrykkingspolitiet.
Politiet i underleg lys
Og mannen som observerte forbikøyringa tykkjer handteringa av saka stiller politi og påtalemakt i eit underleg lys.
– Eg har sett mykje på vegane, men aldri noko så halsbrekkande. Viss saka skal ende slik så sit eg att full av spørsmål, seier han.