Hopp til innhold

– Planar om infrastruktur manglar totalt

SELJE (NRK): Viktige planar om til dømes vegar, tunnelar og parkeringsplassar, manglar totalt i samband med bygginga av Stad Skipstunnel, meiner Stein Jørund Amdam.

Stein Jørund Amdam om Stadt skipstunnel

PLANTEIKNINGAR: Stein Jørund Amdam etterlyser gode planar om korleis regionen skal utviklast i samband med bygginga av skipstunnelen.

Foto: Harald Kolseth

– Om ein fyrst skal lage tunnelen, må ein ta med seg det som heiter omkringliggande areal, seier Stein Jørund Amdam.

Amdam eig grunnen der den planlagde skipstunnelen skal få sitt innslag i Moldefjorden i Selje. Han er oppgitt over at tunnelplanane ikkje inneheld planar om korleis infrastrukturen skal utviklast i samband med bygginga av skipstunnelen, som er venta å bli ein turistattraksjon

– Ikkje er det parkeringsplassar teikna inn, ikkje er det infrastruktur mot tunnelen. Det er utruleg snevert. Det er ikkje plass i reguleringsplanen for å gjere noko anna enn tunnelen.

Han meier at dette er ei moglegheit til å utvikle heile regionen.

– Det vil legge til rette for næringsverksemd. Ein vil knyte saman Åheim og Måløy og med ein tunnel over Nave i Vågsøy vil det bli kortare inn til Eid.

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNELEN: Ein illustrasjon gjort av kystverket av korleis tunnelen vil kunne sjå ut.

Foto: Illustrasjon Kystverket

Ville ikkje risikere tunnelplanane

– Det er spennande tankar, som vi kanskje skal byrje å jobbe meir med no, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

Men burde ikkje dette ha vore gjort tidlegare, då tunnelplanane har vore klare lenge?

– Skipstunnelen har vore eit kritisk prosjekt som har vore vanskeleg å få gjennom. Vi ville ikkje kople på fleire prosjekt med fare for at det skulle velta planane i gal retning.

Ordføraren trur at planane, som Amdam skisserar, vil kunne løfte distriktet betydeleg.

– Det vil definitivt fremje Seljeområdet og Stadlandet og knyte det nærare riksveg 15, regionssenteret på Eid og kystvegen som skal gå frå Ålesund til Bergen, seier han.

Osdal seier at dei over sommaren skal ha eit møte der dei samlar dei politiske partia og diskutere saka.

– Vi vil lage ein høyring til regional transportplan. Så må vi kople på Eid, Vågsøy og Vanylven sånn at vi får ein felles tanke og strategi for korleis vi skal gå vidare.