Fylkeskommunen vedtok tidlegare i år å bruke 20 millionar kroner i investeringsselskapet Fjord Invest. Men strategien til dette selskapet er å skyte kapital inn i etablerte verksemder og lite eller ingenting til gründerar. Det passa fylkespolitikarane dårleg, og løysinga vart difor å etablere eit nytt selskap. Målet er at fleire nyetablerarar tør å satse i Sogn og Fjordane.
Fylket som hovudaksjonær
Fylkeskommunen er hovudaksjonær i det nye såkornselskapet med 13,7 millionar kroner i aksjekapital. I tillegg har Fjord Invest gått inn med 6,3 millionar.
Dagleg leiar i Fjord Invest, Arne Myklebust, trur at fleire interessentar vil gå inn med pengar i det nye selskapet. Han håpar at eigenkapitalen kan kome opp i 50 millionar kroner før nyttår.