NRK Meny
Normal

– Pass opp for falske e-postar

I desse dagar går det ut e-postar til bankkundar over heile landet der ein blir bede om å skrive inn Bank-ID passordet sitt.

Svindel

SVINDEL: Får du denne e-posten bør du vere på bakt.

Foto: Skjermbilete frå bankid.no

– Får ein får ein slik e-post er det berre å slette den, seier fagsjef for nettbank og betalingstenester i Sparebanken Sogn og Fjordane, Per Magne Hervik.

I dag går Sparebanken Sogn og Fjordane ut på Twitter og ber kundane sine passe opp for svindlarar på e-post.

Stort omfang

Svindel

MANGE BANKAR ER RÅKA: Fagsjef for nettbank og betalingstenester i Sparebanken Sogn og Fjordane, Per Magne Hervik, ber folk vere på vakt mot svindlar e-post.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Banken har hatt nokre saker knytt til dette problemet, i likskap med bankar i heile Noreg.

– Dei siste dagane har det vore eit ganske stort omfang av «fisking e-postar» som har gått ut til kundane, seier Hervik.

«Fishing e-postar» er e-postar der svindlarar gjer seg ut for å vere nokon andre enn dei dei er, for å få tak i sensitive opplysninga. I dette tilfellet passordet til Bank-IDen din.

– Det er ein blå Bank-ID logo øvst og ein tekst, samt ei lenke dei ber deg trykke på. Om du gjer dette får du spørsmål om blant anna passordet ditt, seier Hervik

Vanleg med svindlarar

Om du har teke imot ein slik e-post og allereie har trykt på lenka har Hervik eit råd.

– Det er fleire bankar som er råka, så kontakt banken, få sperra avtalen og få nytt passord, seier han.

Dette er diverre ikkje fyrste gong svindlarar er på ferde.

– Det er ganske vanleg at det blir sendt ut slike e-postar. Ofte er det falske kredittkortselskap, som er ute etter kortinformasjonen din, seier Hervik.