NRK Meny
Normal

– Panikk å endre føretaksmodellen

Politikarane som no vil endre styringsmodellen for sjukehusa, berre flyktar frå ansvaret sitt.

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

KORLEIS SKAL DEI STYRAST? Kampen for lokalsjukehusa rir landet. Då kjem også debatten om måten sjukehusa blir styrt på.

Foto: NRK

Svein Lundevall

- FEIL: Det blir feil å endre styringa av helseføretaka fordi ein er imot sjukehusomleggingar, meiner Svein Lundevall.

Foto: Arild Nybø / NRK

Det meiner Svein Lundevall, tidlegare fylkesrådmann, helsebyråkrat og no brukarrepresentant i Helse Førde.

Realitetar

Nærmast samtlege parti vil endre den såkalla føretaksmodellen. Men Lundevall meiner det er eit utslag av panikk.

– Eg opplever det slik at når folk no igjen vil ha endring i styringsstrukturen, så vil det på kort sikt ha for mykje flukt frå saka sine realitetar.

Navarsete kritisk

Det har storma kring sjukehusa i landet den siste tida. Både om nytt sjukehus på Møre, og nedlegging av lokalsjukehus mange stader. Det har ført til at fleire politikarar har teke til orde for å endre på modellen som har styrt sjukehusa sidan 2002. Sist ut var leiar Liv Signe Navarsete i Senterpartiet:

Liv Signe Navarsete

MOTSTANDAR: Sp-leiar Liv Signe Navarsete er ikkje nøgd med måten sjukehusa blir styrt på.

Foto: NRK

– Ingen som kjenner norsk politikk er i tvil om at Senterpartiet, og fleire andre parti, er imot den modellen vi har i dag. Eg har og sett at statsministeren og andre framtredande politikarar frå andre parti tek til orde for at det trengst ein gjennomgang av modellen, uttalte Navarsete.

– Eg oppfattar det som flukt fra ansvar, seier Lundevall som sit i brukarutvalet i Helse Førde.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Styremøte i Helse Vest

HELSE VEST: Det er mellom anna regionføretak som Helse Vest mange politikarar no vil til livs. Her frå styremøte i desember i fjor.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Skaper unødendig uro

Lundevall var i mange år fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, og har også vore byråkrat i både helse- og finansdepartementet. Han får støtte frå styreleiaren i Helse Vest, Oddvard Nilsen. Ein ny styringsmodell no, vil gjere vondt verre, meiner han.

– Eg meiner det vil skape unødvendig uro, knytt til dette. At det vil vere fornuftig å ta ei totalevaluering på eitt eller anna tidspunkt, det finn eg naturleg. Men at ein då ikkje gjer noko fordi det oppstår situasjonar, men at ein har is i magen.

Lundevall som i si tid var med på å leggje ned lokalsjukehus då fylkeskommunen var eigar, seier at problema ikkje forsvinn med nye modellar.

– Nissen vil følgje med på lasset uansett.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser