Hopp til innhold

– Oteren øydelegg kvaliteten på fiskeopplevinga

BYRKJELO (NRK): Den norske oteren flyttar seg frå kysten i Nord-Noreg til lenger sør og inn i landet. Ein fritidsfiskar i Nordfjord meiner det går ut over fiskebestanden i elvene.

Oter i Sandane

ROVDYR: Oteren et fyrst og fremst fisk, krabber, kreps og frosk, men kan òg finne på å ta fugl, spissmus og smågnagarar. Biletet er teke på Sandane.

Foto: Svein Hjelmeset

– Oteren tek fisken i elva, og han forstyrrar fisken veldig. Det er mykje verre å fiske no enn før. Fiskemengda har gått dramatisk ned, det ser eg.

Inge Bergheim frå Byrkjelo i Gloppen i Nordfjord er frustrert. Han merka fyrst til oteren for fem-seks år sidan, men seier at dei siste to åra har det blitt mykje meir oter i elva utanfor huset hans.

– Eg vert lei meg og skuffa, for eg har fiska her sidan eg var seks år. Det er ei stor naturoppleving.

Inge Bergheim

IKKJE DET SAME: Inge Bergheim meiner at fisket i Storeelva var mykje betre før. – Når du er og fiskar, og må gå heim att etter ein halvtime, då er det ikkje moro lenger, seier nordfjordingen.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Øydelegg fisket

Bergheim har vore ein entusiastisk fritidsfiskar heile livet, og er spesielt glad i elvene rundt Bergeimsvatnet i Byrkjelo – eit populært fiskeområde for aure. Men den siste tida har han merka at mykje av fisken har forsvunne frå elvane. Dette trur han er oteren sin feil.

Oter frå Sandane

I FARTA: Oteren må ete mat som svarar til rundt tjue prosent av si eiga kroppsvekt kvar dag for å overleve. Biletet er teke på Sandane.

Foto: Svein Hjelmeset

– Han tømmer elva om vinteren, for då kjem ikkje fisken seg unna. Dette går ut over både dei lokale og dei tilreisande fiskarane.

Oteren har vore totalfreda i Noreg sidan 1982, då var han nærast utryddingstrua av pelsjegerar. Det er uklart kor mange otrar det eigentleg er i Noreg i dag.

Bergheim meiner at fredinga av oteren er ei misforståing.

– Her er veldig mykje oter, meir enn folk trur.

– Ille ute om ti år

Dersom dei ikkje får lov til å gjere noko med oteren, fryktar Bergheim for korleis fisket vil vere i framtida.

– Dei doblar bestanden sin på tre år, og får dei fortsetje som no så er vi ille ute om ti år. Då vert det ikkje vits å fiske i elvene lenger, så hardt ramma som dei vert.

Inge Bergheim

HAR SETT OTERANE: – Eg har sett nokon av dei. Oteren går føre meg der eg skal fiske, og då vert eg ikkje blid.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Det er ikkje berre gleda og naturopplevinga ved fisket som står på spel for Bergheim.

– Eg er veldig glad i varmrøykt aure med eggesmør og salat. Det er veldig god mat, og det vert det heilt garantert mindre av framover, seier han.

– Oteren må få vere oter

– Fortsatt er situasjonen slik at ein ser ein nedgang i oterbestanden, sjølv om han geografisk har spreidd seg meir, seier Erik Lund i Miljødirektoratet.

Han hevdar det framleis er grunn til å verne om oteren, sjølv om han ikkje lenger er utrydningstrua.

– Oteren er sårbar. Han har eit særskild vern grunna bestandsnedgangen.

Vidare påpeiker Lund at fylkesmannen gir fellingstillating for oter dersom det er påkrevd.

– Oteren vil frå tid til annan gjere skade, men det generelle biletet er at oteren må få lov til å vere oter, og at han et fisk, det er heilt normalt. Og dei største truslane mot fiskebestandane i elv er faktisk vassdragsregulering og fiske.

Oter frå Sandane

RAUDLISTA: Oteren har vore totalfreda i Noreg sidan 1982. Biletet er teke på Sandane.

Foto: Svein Hjelmeset