Hopp til innhold

– Ordførarar må med i politidebatt

Arne Johannessen, leiar i Politiets Fellesforbund, er ikkje nøgd med at ordførarane godtek dårleg politiberedskap og stengde lensmannskontor.

Arne Johannessen

Arkivbilete: Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Dette er ein politisk sak som burde påkalla mykje større lokalt, politisk engasjement. Eg lurer ofte på kvar ordførarane er i slike saker, seier han.

I sommar blir åtte lensmannskontor i fylket stengde grunna bemanningsproblem.

LES: Stengjer åtte lensmannskontor

– Skrik høgare

Johannessen meiner ordførarane som innbyggjarane sine representantar burde skrike mykje høgare.

– Det er veldig få ordførarar som engasjerer seg kraftig i debatten om tryggleiken, beredskapen og politi-tilbodet i sin kommune, slår han fast.

Askvoll-ordførar Aud Kari Steinsland vedgår at han kan ha rett.

Konstituert lensmann

Aud Kari Steinsland

Aud Kari Steinsland, ordførar i Askvoll kommune.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Det kan han sikkert ha rett i. Men eg tykkjer at vi har vore flinke til å engasjere oss i tidlegare, seier Steinsland.

Ho trekk fram engasjementet i omorganiseringsreforma som var på trappene som eit eksempel.

– Eg er oppteken av at óg dei små kommunane skal ha eit sikkert og nært politi, seier ordføraren.

Askvoll lensmannskontor er stengd i sommar, og kommunen har berre ein konstituert lensmann fram til ei stilling som fast lensmann blir utlyst.

Negative konsekvensar

Jenny Følling

Jenny Følling, ordførar i Gaular kommune.

Foto: Dagrun Reiakvam

Gaular kommune står óg utan lensmannskontor i periodar denne sommaren.

Ordførar Jenny Følling seier ordførarane i Sunnfjord har stått saman for å kreve betre bemanning.

– Eg trur det er veldig viktig at ordførarane følgjer nøye med kva som skjer, og peikar på dei negative konsekvensane vi oppdagar etterkvart, seier Følling.